Morgondagens dirigentar: Ein drøm om i går

Marco Crispo dirigerer samansett orkester frå NMH. Hadar Rimon er fiolinsolist.

  • Fredag 8. februar kl. 19.30
  • 19.30
  • Lindemansalen
  • Gratis

Medvirkende

Marco Crispo (dirigent)
Hadar Rimon (fiolin)

Program

Bruno Bettinelli (1913 - 2004): Due Invenzioni for strykarar
Henryk Wieniawski (1835 - 1880): Fiolinkonsert nr.1 i fiss-moll (kammerorkesterversjon av M. Crispo) 
Ottorino Respighi (1879 - 1936): Fuglane

Omtale

Hadar Rimon (1986) blei fødd i Tel-Aviv. Ho studerte både bachelor og master på Buchmann-Mehta School of Music i same by, med Professor Irina Svetlova. Seinare tok ho enda ein master på Zürich University of the Arts, der ho studerte med Professor Zakhar Bron. Hadar har vunne prisar i fleire israelske og internasjonale konkurransar, og har opptredd i ei rekke kammerkonsertar i Israel, India og Europa. Ho opptrer ofte saman med mora si, pianisten Natasha Tadson.

Som solist har Hadar opptredd med blant anna Haifa, Sri Lanka, Israel og Dohnányi de Budafók symfoniorkester, Bombay, Meridies og Zakhar Bron kammerorkester og Novosibirsk universitetsorkester. Ho har fått stipend frå den amerikansk-israelske kulturstiftelsen, samt frå Buchmann-Hayman, Kolton, Ronen og Omanut-stiftelsane.

Hadar speler på ein Guadagnini-fiolin frå 1759, på lån frå Yehuda Zisapels private instrumentsamling, og har jobba som konsertmeister i Haifa symfoniorkester sidan 2015.

Foto: Farag Perry

Marco Crispo er opphaveleg frå Italia. Han studerte bachelor i orkesterdirigering ved Norges musikkhøgskole under Ole Kristian Ruud og Sigmund Thorp. Marco har tidlegare gjennomført dirigentkurset ved Accademia Musicale Pescarese under Donato Renzetti og Dario Lucantoni, og har studert gitar og komposisjon.

I 2017 var han assistentdirigent for Operahøgskolen (KhiO) i Mozarts Don Giovanni og tok imot stipend frå Cortona Sessions for New Music. Crispo har også delteke på internasjonale meisterklassar, med lærare som Bruno Weil, Vladimir Jurowski, Vasily Petrenko, Atso Almila og Mark Stringer. I 2018 blei han tatt opp som student ved ”Solistuddannelsen” ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, der han skal studere under Giordano Bellincampi. Marco er ein av deltakarene i mentorprogrammet "Dirigentforum 2018-2020".

Foto: Birgit Solhaug/BERRE Kommunikasjonsbyrå