Musikkbaren

Ein uformell og sjangerfri kveld. Baren er open.

  • Onsdag 6. april 2016
  • 20.30
  • Foajeen
  • Gratis

Medvirkende

Lille Balkong:

Thea Emilie Wang, vokal
Torstein Slåen, gitar
Henrik S Dalen, kontrabass
Kenneth Enes Kristoffersen, trommer

- - -

David Cariano Timme: Vibrafon

- - -

Vraak:

Ingrid Vik Henriksen - vokal
Magnus Gjønnum Grimnes - gitar
Emil Brattested - pedal steel
Andreas Haga - kontrabass
Mats Mæland Jensen - trommer

Program

--- Lille Balkong ---

Lille Balkong er eit Oslobasert band danna ved Norges Musikkhøgskole.
Bandet oppstod våren 2015 då ein vennegjeng, utan vidare ambisjonar, møttes på eit øverom for å spele saman. Musikken som resulterte var så unekteleg at alle raskt vart samde om å fortsette å spele saman. Sidan då har Lille Balkong, forutan å ha funne eit særs koseleg bandnamn, spelt konsertar på Chateau Neuf, Kongsberg Jazzfestival, Litteraturfestivalen "Sted" og Oslo Maraton.
Musikken vi speler er i all hovudsak eigenkomponert, men vi har også gjort eigne arrangementer og versjonar av jazzstandardlåtar.
Som band ønsker vi i all hovudsak berre å få spele musikken vår for så mange folk som mogleg, med håp om å skape jordnære, koselege og tidvis eksistensielle musikk-opplevingar.

Soundcloud: https://soundcloud.com/lille-balkong
Facebook: https://www.facebook.com/lillebalkong?ref=aymt_homepage_panel

--- David Cariano Timme ---

"Calculo Secreto" by Jose Manuel Lopez Lopez for solo vibraphone

David is a Portuguese master student in percussion at nmh

--- Vraak ---

Vraak byrja spele saman ved Noregs musikkhøgskule hausten 2013. Musikken deira er variert og kanskje vanskeleg å sjangerfeste, men tek ofte utgangspunkt i samansetninga av ulike riff og linjer, gjerne med tekst på norsk eller engelsk. Eit viktig moment i arbeidet med musikken er utforskinga av klangkombinasjonane mellom pedal steel og gitar/vokal, brukt i eit låtmateriale og ein estetikk der pedal steel er eit meir utradisjonelt innslag. Bandet komponerer og arrangerer alt materiale sjølv, kvar for seg eller i fellesskap, og musikken vert også sterkt prega av musikarane si interesse for improvisasjon.