starwaaars.jpg

Musikkhøgskolens symfoniorkester slår attende

Musikkensemblene

Det blir ein forrykande kveld når symfoniorkestret ved Musikkhøgskolen slår attende med utdrag frå filmmusikken til Star Wars-filmane, komponert av John Williams, og eit av dei mest kontroversielle verka gjennom tidene: Igor Stravinskijs Vårofferet.

  • Fredag 29. januar 2016
  • 19.30
  • Lindemansalen
  • 150/100/50 - billetter i døra 1 time før konsert

Medvirkende

Musikkhøgskolens symfoniorkester

Dirigent: Ingar Bergby

Program

John Williams (1932-): Star Wars Suite (1977-2005)

  1. Main Title
  2. Princess Leia’s Theme
  3. The Imperial March
  4. Yoda’s Theme
  5. Throne Room and End Title

Igor Stravinskij (1882-1971): Le Sacre du Printemps, (Vårofferet) (1913)

  1. L’Adoration de la Terre
  2. Le Sacrifice

Omtale

Komponisten John Williams er kjend for sine majestetiske tema til filmar som Haisommar, Indiana Jones: Raiders of the Lost Ark, Schindlers liste, dei tre første Harry Potter-filmane, og ikkje minst dei no sju Star Wars-filmane. Musikken frå Star Wars Episode IV: A new hope (1977) vart i 2005 kåra til historias beste filmmusikk av American Film Institute.

Vårofferet er ein ballett med musikk av Igor Stravinskij. Balletten var opphaveleg koreografert av Vatslav Nizjinskij, med scenografi og kostyme av Nicholas Roerich, under leiing av impresarioen Sergej Djagilev.

Dei innovative og kompliserte rytmiske strukturane og klangane, saman med hyppig bruk av dissonansar, gjorde stykket til eit av dei viktigaste verka på 1900-tallet. På premiéren i 1913 vart publikum så provosert at dei byrja å demonstrere, og dette gjorde verket til eit av dei mest kjende og kontroversielle i historia.

Dagen etter, laurdag, 30. januar kl 19.30, gjentar Musikkhøgskolens symfoniorkester programmet i Tønsberg i regi av Levende klassisk.