Diedrich Paredes.jpg

Musikkhøgskolens symfoniorkester og Barratt Dues symfoniorkester - Gustav Mahler: Symfoni nr. 1 dirigert av Dietrich Paredes

Stjerneskotet Dietrich Paredes frå Venezuelas berømte musikkopplæringssystem El Sistema, som og har oppfostra musikarar som Stavanger Symfoniorkesters nye sjefdirigent Christian Vasquez og verdsberømte Gustavo Dudamel dirigerar dette samansatte symfoniorkesteret og Mahlers dramatiske 1.symfoni.

  • Fredag 1. februar 2013
  • 18.00
  • Bølgen Kulturhus, Larvik
  • 180-220
Bestill billett

Medvirkende

Norges Musikkhøgskoles symfoniorkester

Barratt Dues symfoniorkester

Dietrich Paredes - dirigent

Program

Gustav Mahler: Symfoni nr. 1

Omtale

Musikkhøgskolen og Barratt Dues symfoniorkester reiser til Bølgen og Bjørvika for å framføre dette dramatiske verket. Dirigenten for dei 125 musikarane er Dietrich Paredes, eit stjerneskot frå Venezuelas berømte musikkopplæringssystem El Sistema, som og har oppfostra musikarar som Stavanger Symfoniorkesters nye sjefdirigent Christian Vasquez og verdsberømte Gustavo Dudamel.

Då Mahler forsøkte å skrive noko så uvanleg som eit symfonisk dikt utan ei klar handling, forstod dåtidas publikum ingen ting. Han prøvde å gjere verket meir tilgjengeleg ved å gi satsane titlar som ”For fulle seil” og ”Frå helvete til paradis”. Då dette verka meir forvirrande enn forklarande, ga han opp tanken på det symfoniske diktet og gjorde verket om til ein symfoni i staden. Slik vart den første av hans ni fullendte symfoniar til.