Nordic harmony1.jpg
Nordic Harmony

Nordic Harmony

Musikkensemblene

Kammerorkesteret Nordic Harmony speler Schuberts ufullendte symfoni, overtyren til Don Giovanni av Mozart, Mahlers Blumine og konsert for obo og lite orkester av Richard Strauss med Jarl Eivind Aspen som solist.

  • Søndag 8. mai 2016
  • 18.00
  • Lindemansalen
  • Gratis

Medvirkende

Kammerorkesteret Nordic Harmony

Jarl Eivind Aspen (obo)

Program

Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791): Overtyre frå Don Giovanni, KV 527

Richard Strauss (1864-1949): Konsert for obo og lite orkester (1945)
I. Allegro Moderato
II. Andante - Cadenza
III. Vivace - Cadenza - Allegro

- - pause - -

Gustav Mahler (1860-1911): Blumine (1884)

Franz Schubert (1897-1928): Symfoni i h-moll, D.759, «Den ufullendte»
I. Allegro moderato
II. Andante con moto

Omtale

Jarl Eivind si musikalske interesse kom ganske seint i hans ungdom, men han skulle raskt bli ein ganske talentfull musiker. Etter nokre år på piano og trombone, valde han endeleg å spele obo i ein alder av 16 år. Etter kort tid kom han inn på bachelorstudiet ved Norges musikkhøgskole i 2009, og held for tida på med å fullføre sin master ved Barratt Due musikkinstitutt der han studerer med David Friedemann Strunck.

Det var særleg oboens evne til å synge i sorgfulle og gripande melodiar som lokka han til hans instrumentval, men han er også glad for dei mange lystige og leikande tonane som instrumentet óg er kjent for.

I kveldens konsert får vi høyre Jarl Eivind i Strauss' konsert for obo og orkester, eit lyst og syngande verk av Strauss som høyrer til hans seinare komposisjonar.  I sin komposisjon utfyllar Strauss dei solistiske begrensningane til oboen ved å bruke orkesteret på ein meisterleg måte, og det vert nærmest ein konsert for orkester, meir enn ein konsert for obo, perfekt for eit orkester som Nordic Harmony! Særlig får soloklarinettisten, solofløytisten og solobratsjisten vist seg godt fram i fleire dialogar med solisten.

Gustav Mahlers Blumine er eit ungt verk som ein gang var ein del av hans 1. symfoni, men som etter symfoniens premiere vart fjerna frå symfonien saman med symfoniens tilnamn «Titan», fordi Mahler hadde blanda følelser for satsen, og såg den som litt for sentimental. Satsen vart dermed lenge ansett som tapt. Men via ein lang omvei frå Hamburg til Amerika, vart plutseleg eit kopiert manuskript bragt frem i lyset av Donald Mitchell i 1966. Stykket har sidan den gang vært ei regelmessig perle på konsertprogrammet.

Også i dette verket får vi muligheten til å vise fram dei ulike sidene ved Nordic Harmony, og no er det særleg trompetisten, Tess Coffey, som får vist sine solistiske evner.

Kveldens hovudverk, Schuberts Ufullendte, og er truleg eit av dei mest sjølvbiografiske verka i musikkhistorien. Frå og med komponeringa av denne symfonien i 1822 ser vi ei tydeleg forandring i Schuberts stil som sannsynlegvis ber preg av ei dramatisk endring i hans liv. Det er nemleg mykje som tyder på at Schubert fekk syfilis gjennom seksuell smitte. Dette var å anse som ein dødeleg sjukdom på denne tida, og Schubert gjekk etter denne hendinga gjennom ei tid der han måtte lære seg å leve med denne dødsangsten. I tillegg hadde Schubert arva depressive tendensar frå mor si, og etter sjukdommen utvikla dette seg til alvorlege manisk depressive tendensar. Ofte vart dette uttrykt via vold, riktignok aldri mot andre mennesker, men f.eks ved å kaste og øydeleggje gjenstandar.

All denne dødsangsten og dei voldelege, maniske tendensane, er i aller høgaste grad uttrykt i denne symfonien. Frå den dystre åpninga for bassar, dei skjelvande tremolo fiolinane, til den ekstreme gjennomføringsdelen som gjennomgår eit raseri som sjølv Beethoven er underlegen, er eit desperat og ærleg uttrykk som ein instrumentalsymfoni eigentleg ikkje kan tåle, og vi måtte vente heilt til Tjhaikovskij og Mahlers siste symfoniar før vi fekk oppleve noko slikt igjen.

For å introdusere både dei lystige og dei mørke og dramatiske sidene ved konserten, har vi valgt å åpne med intet mindre enn Mozarts overtyre frå Don Giovanni, som inneheld nettopp desse store kontrastane som vi byr på i kveldens konsert.

God fornøyelse!

Vennlig hilsen
Nordic Harmony

Nordic Hamony

Kammerorkesteret Nordic Harmony er eit ferskt symfonisk ensemble som går nye vegar. Dei utforskar dei kammermusikalske spelereglane i stort format og ønsker å gje publikum ei ny og rik konsertoppleving der kommunikasjon og samspel er hovudsaka.

Nordic Harmony blei starta av studentar ved Norges musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt, med kammermusikkprofessor Are Sandbakken som ei viktig spelebrikke.