Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

På tvers: Ein heilt ny workshopserie frå CEMPE

-

Ein ny workshopserie frå CEMPE. Først ut er Utforskande øving med Guro Gravem Johansen

Når vi øver kan vi møte på problemstillingar som vi ikkje heilt kan avgrense eller vite på førehand korleis vi skal ta tak i. Kanskje ønsker vi å utfordre eigen spontan kreativitet i øvinga, og sjå kor ei leikande tilnærming til spel eller song kan føre.

Utforskande øving er å ta i bruk improvisasjon og ikkje definere alle resultata på førehand. På den måten kan vi oppdage nye tekniske områder, utforske kva for moglegheiter som bor i eit musikalsk materiale, eller arbeide med kjensler og mental mestring av utøving og formidling.

Program

  • 3. mars Guro Gravem Johansen: Utforskande øving
  • 31. mars Ingfrid Breie Nyhus og Live Maria Roggen: «Unromantic»
  • 21. april Jos Heutmekers: Interactive graphic scores
  • 5. mai Knut Buen: TBA
  • 12. mai Tanja Orning: TBA

Omtale

Alle utøvande musikkpraksisar rommar eit mangfald av musikalske tilnærmingar, og alle forholder seg til temaer som lytting, interaksjon, responsivitet, tolking, tradering, improvisasjon, fellesskap, eigarskap, identitet, og ulike måtar å tilegne seg og ta i bruk kunnskap på. Når vi deler erfaringar, innsikter og ulike innfallsvinklar til å øve, utøve og formidle musikk på tvers av fagområder, skaper vi eit stort potensiale for læring og inspirasjon.

CEMPE-prosjektet «På tvers» består av fem treff i løpet av vårsemesteret 2020. Dei er opne for studentar og lærarar, med «dialog-jam» og musisering. Kvart treff har eit avgrensa tema med ein eller fleire innleiarar.

Treffa er på tirsdagar, kl. 18.00–20.00 på rom U1010, med gratis kaffi, te og vaflar. Ta med instrument!