RAW med Wendra Hill, Geir Kristian Lund og Strønen/Seim duo

R A W

  • Fredag 1. september kl. 18.00
  • 18.00
  • Lindemansalen (scenekonsert)
  • 100 (gratis for studenter)

Program

Wendra Hill er ein duo med Joel Ring og Jo David Meyer Lysne. Dei har dei siste årea jobba med improvisert musikk i ulike format og framført musikken sin i mellom anna Sverige, Danmark, Tyskland, Tsjekkia og Japan. Dei har óg dei siste åra samarbeidt med mange ulike musikarar og har no samla saman ein gjeng med favorittmusikarane sine til å spele med dei på RAW.

Jo David Meyer Lysne (gitar)
Joel Ring (cello/bass)
Johanne Skaansaar (bratsj)
Martin Lie Svendsen (kontrabass/synth)
Karl Hjalmar Nyberg (saksofon/no-input-mixer)
David Cariano (vibrafon/perkusjon)
Tobias Pfeil (el-gitar/vokal)
Jenny Berger Myhre (diverse)
Thor Merlin Levik (visuals)

Verbalt mellomspel av filosof Geir Kristian Lund.

Thomas Strønen/Trygve Seim duo

Trommeslager Thomas Strønen og saksofonist Trygve Seim er musikarar som på kvar sin kant har stor internasjonal suksess med ei rekke prosjekt. Dei er óg kollegaer på det legendariske plateselskapet ECM. Denne kvelden får vi høyre dei i sjeldant duo-format.

Omtale

Om konsertserien RAW

RAW (Recognition - Alert - Window) viser noko av det røffaste som blir unnfanga på øvingsromma midt i Oslo. Rått, ferskt, grensesprengande, ufiltrert. Du vil høyre konstellasjonar du ikkje har høyrt før. Når studentane etter kvart renner ned festivalar i inn- og utland, kan du seie at du høyrde dei først på Norges musikkhøgskole.

Servering.

Kurator for RAW er Thomas Strønen.