Scarlatti på cembalo og harpe

Musikkakademiet

Harpe- og cembalostudentane til Isabelle Perrin og Knut Johannessen framfører Domenico Scarlattis cembalosonatar.

  • Mandag 7. mars 2016
  • 19.30
  • Levinsalen
  • Gratis

Program

Domenico Scarlatti Sonater:

K.184-185 i f-moll - Francesco Buccino (cembalo)
K.466 i f-moll - Claudia Lamanna (harpe)
K.490-491 i D-dur - August Martin Christensen (cembalo)
K.213 i d-moll - Selina Cuonz (harpe)
K.90 i d-moll - Francesco Buccino (cembalo)
K.149 i a-moll
K.208 i A-dur - Sara Esturillo (harpe)
K.209 i A-dur - Katharina Steinbeiss (harpe)

 

Omtale

Harpe- og cembalostudentane til Isabelle Perrin og Knut Johannessen har i januar og februar arbeidd med Domenico Scarlattis cembalosonatar.

Harpa og cembaloet er instrument i nær slekt, og vi ønsker å sjå på likskapar og ulikskapar ved bruk av musikken til Scarlatti.

Vi har vore så heldig å få Isabelle Perrin som harpeprofessor ved Norges musikkhøgskole. I tillegg til ein internasjonal utøvarkarrière, der ho har spelt med orkester og ensemble over heile verda, har ho eit særleg engasjement for undervisning, noko som gjorde Isabelle til yngste mottakar av «French Certificate of Aptitude» i harpepedagogikk som syttenåring.

Ho reiser verda rundt for å halde meisterklassar og blir regelmessig invitert som gjesteprofessor ved verdskjende institusjonar som Moskva P.I. Tsjaikovskij konservatorium, Juilliard School i New York og Royal Academy of Music i London.

alt