Giuliano Obici

Selvspillende laptoporkester og Simulacrum Chamber Orchestra

  • Mandag 28. oktober 2013
  • 20.00
  • Levinsalen

Medvirkende

Giuliano Obici - komponist

Heloisa Amaral - piano

Karin Hellqvist - fiolin

Program

Lanhouse Concert

Simulacrum Chamber Orchestra

Omtale

Den brasilianske komponisten Giuliano Obici er for tida busett i Berlin. I slutten av oktober kjem han til Oslo for å halde workshop og framføre to av sine stykker. Det eine, Lanhouse Concert, kan kallast ein audiovisuell installasjon beståande av laptopar som utøvarar. I det andre stykket, Simulacrum Chamber Orchestra, har Obici med seg musikarane Heloisa Amaral og Karin Hellquist. Simulacrum Chamber Orchestra er ein audiovisuell konsert som prøver å etablere ein dialog med kammermusikk innafor feltet mediekunst. Publikum blir presentert for akustiske instrumenter (piano / fiolin), bærbare datamaskinar, videokamera og skjermar. Musikarane sine gester blir registrert av både kamera og mikrofonar. Kvar datamaskin lagrar eit rammeverk som blir koordinert av eit partiturskript for å skape ein spesiell type interaksjon mellom levande musikarar og det bearbeida materialet som vert framført og spela av simulacrum sine musikarar.

Prosjektet er basert på eit arbeid utvikla av Obici i duoen N-1, der ulike teknologiar av video og lyd saman med liveframføring søker å utvide begrepet meta-instrument. Obici har utforska dette i stykket/installasjonen LanHouse Consert - som behandler PC og LAN (Local Area Network) som eit multimediainstrument, og i laptop Choral, utvikla for Wien Modern 2012. Simulacrum Chamber Orchestra blir framført i Oslo i samarbeid med Norsk senter for teknologi i musikk og i kunst (Notam).

Les mer om Giuliano Obici her.