Sibelius og poetane

Live Maria Roggen og Ingfrid Breie Nyhus tolkar songar av Jean Sibelius.

  • Fredag 3. mai kl. 19.00
  • 19.00
  • Levinsalen
  • 150/gratis for alle studenter (20% rabatt ved forhandskjøp)
Kjøp billett

Omtale

Live Maria Roggen og Ingfrid Breie Nyhus har arbeidd med Jean Sibelius’ songar for å sjå kva som skjer når det svulstige må vike, når songstemmas verkemiddel er andre enn dei operatiske, når pianostemmen blir opna for ein estetikk utanfor den romantiske. Asle Karstad har deltatt i utforskinga med fokus på akustikk og forsterking. Når Sibelius sine melodiar og dei finsk-svenske poetanes vitlause, sørgmodige tekstar kjem til uttrykk gjennom dette samarbeidet – korleis blir tolkingane da?

Foto: Privat