Sinfonietta på grid

Masterkonsert

Kammermusikk av Åsmund Perssønn Ødegaard

Omtale

Sjølv om Åsmund Perssønn Ødegaard går på masterstudiet i jazzkomposisjon, står òg samtidsmusikken nær hjartet hans. Her presenterer han eit knippe nyskrivne verk for sinfoniettabesetning. Som jazzkomponist er det likevel vanskeleg å gi slepp på ting som metronomisk tidskjensle og groove, og dermed får du høyre skolens klassiske musikarar balansere komponistens to parallelle verder med deira eiga. Alt på éin og same konsert.

Illustrasjon: Åsmund Perssønn Ødegaard