Sonisk hage

Ein festival for eksperimentell og annleis musikk.

Omtale

20 av framtidas komponistar ved Norges musikkhøgskole etablerer for tredje år på rad eit kunstnarleg kollektiv som saman komponerer vårens freshaste hending. Det blir kompromisslaus utforsking, samarbeid på tvers av kunstfelt, elektronikk og ensemble – gjennomkomponerte av bachelorstudentar ved NMH, med ekstern kuratorhjelp av komponist Eivind Buene. Eindagsfestivalen alternerer mellom Boksen og Laben. Etter at hovudprogrammet er ferdig, fortset festivalen med eit eksperimentelt klubbprogram med audiovisuelt design av komponistane.