Torgrim Sollid f_Model_day_studio.jpg
Torgrim Sollid

Søyr - comeback med ein institusjon i norsk jazz

Komponist og trompetist Torgrim Sollid samlar troppane til sitt segnomsuste band Søyr. Etter mange års kvile er ensemblet tilbake i ei ny form, med nokre nye namn og ny musikk. Eit band med nesten 40 års historie gjer eit historisk comeback.

  • Onsdag 9. mars 2016
  • 18.00
  • Lindemansalen
  • 100/50

Medvirkende

Søyr 2015: Torgrim Sollid (trompet), Morten Halle (saksofon), Håkon Storm-Mathisen (gitar), Sebastian Haugen-Markussen (bass), Guro Gravem Johansen (vokal), Eyolf Dale (piano), Tore Sandbakken (trommer) og Ivar Loe Bjørnstad (trommer og perkusjon)
 

Omtale

Søyr har vore på scena i meir enn 30 år. Når dei no igjen står på scena, er det etter ei lengre pause. Besetninga er med nokre unntak heilt ny, med lærarar og tidlegare studentar ved Norges musikkhøgskole.

Søyr starta opphaveleg med ei sterk musikalsk forankring i norsk folkemusikk. Deretter vidareutvikla gruppa stilen mot avantgarde storbandjazz, sterk inspirert av trompetaren Kenny Wheeler og saksofonisten Anthony Braxton. Men det stoppa ikkje der. Gruppa let seg inspirere av cool-jazz, med saksofonistane Lee Konitz og Warne Marsh som inspiratorar.

Herifrå låg verda open for gruppa – som gjekk i musikalsk samklang med rock, kabaretmusikk, samtidsmusikk, standard jazz, rap, fri improvisasjon, og multimedia-/teaterkonserter med ei tydeleg surrealistisk vinkling. Søyr var innom alt dette og meir til, og samarbeidde med mange. Men dei har heile tida hatt ein original signatur – med tette, presise arrangement til ny skriven musikk, eller det motsette – dei same arrangementa og komposisjonane kokt i syre.

Når dei no igjen står på scena, er forventningane store. Som alltid er det Torgrim Sollid som på eit vis leier an. Men Søyr er eit ekte kollektivt produkt, utan ein tydelig leiar. Musikken er heile tida ein sum av dei musikarane som er med. Og på denne konserten vil du også oppleve nokre sermerkte multimedia innslag, med mellom anna eigenproduserte kortfilmar med og utan tilhøyrande improvisasjonar, og musikkinnslag som berre er kjent for nokon av musikarane før konserten. Syrebadet nemnd over er hjartelig til stades, men med slike musikarar kan det ikkje gå gale….