tango_illustrasjon.jpg
Frå ein tidligare Tango-kveld på Musikkhøgskulen.

Tango!

Andreas Rokseth og Åsbjørg Ryeng avlegg sine eksamenar på bandoneon i form av ein lidenskapeleg konsert. Kvelden markerast med tangokonsert og milonga med DJ på scena.

Medvirkende

I tillegg til eksamenskandidatar: Sverre Indris Joner, Bjarne Magnus Jensen, Wim Warman, Steinar Haugerud, Joon-ho Shim, Joachim Ivo Di Mattia Martinsen, Mari Bølgen Halvorsen, Julie Rokseth og DJ Alicja Ziolko

Program

Tradisjonelle tangoar
Bach
Piazzolla
Glorvigen
Joner

Omtale

Om konserten

Andreas Rokseth og Åsbjørg Ryeng avlegg bacheloreksamen på bandoneon i form av ein lidenskapeleg konsert. Det er første (og førebels) siste gong dette skjer i Nord-Europa, ettersom det unike studietilbodet på Noregs musikkhøgskole med Per Arne Glorvigen som lærar forsvinn til hausten. Etter konserten blir det milonga, dvs.tangodans der Oslos tangodansarar får svinga seg til Musikkhøgskulen sitt eige Gran Orquesta Tipica de Tango + TangoDj-sets ved Alicja Ziolko på scena i Lindemansalen.

Medverkande er kremen av norske profesjonelle tangomusikarar: Sverre Indris Joner og Steinar Haugerud samt strykeorkester under leiing av Bjarne Magnus Jensen. Gran Orquesta Tipica vert forsterka med tangopianisten Wim Warman ( Nederland), ein av hovudmennene bak det andre bachelortilbodet på bandoneon i Europa (konservatoriet i Rotterdam). Ein av Truls Mørk sine fremste elevar, Joon-ho Shim (Korea) deltek på cello. 

Kilde: Per Arne Glorvigen