The Harvey Steel Show + Myhre/Ljøkelsøy/Bergsten

  • Tirsdag 17. oktober 2017
  • 19.00
  • Kulturhuset, Boksen
  • Gratis

Medvirkende

The Harvey Steel Show: Tore Ljøkelsøy (trommer), Jakob Eri Myhre (trompet), Thomas Bergsten (gitar og vokal), Kristine Marie Aasvang (fløyte og vokal), Øyvind Heilo (synth), Anders Eddie Jacobsen (bass).
Myhre/Ljøkelsøy/Bergsten: Tore Ljøkelsøy (trommer), Jakob Eri Myhre (trompet), Thomas Bergsten (gitar og vokal)

Omtale

The Harvey Steel Show (eit fiktivt band som hamnar på jorda frå Jupiter etter ein «tid/rom-glitch») jobbar med eit breitt kunstnarleg uttrykk og tar publikum med på ei reise gjennom musiqe concrete og soul via psykedelisk blues, 60-tals-aktig pop, psykedelia-kabaretmusical, surf, jazz, jug-band og meir. Ei surrealistisk leikegrind der musikken fungerer som ei blanding av høyrespel, rytmisk musikk og bildekunst. Bandets mål er å spreie mest mulig kjærleik, og gruppas performancar framstår som uhøgtidelege Gesamtkunstwerk kor musikken møter teater og bildekunst. Denne kvelden skal dei mellom anna framføre songsyklusen «Mother Earth»:
o’ mother earth        
you are forsaken
your children are running wild
they torture and abuse you
they are leaving you to die :/:
they blame god        
say god has left them
but they left god many years ago
when there’s no one left to put the blame on
they are leaving you for dead :/:
no guns, no hatred, no war

Myhre/Ljøkelsøy/Bergsten speler (delvis) improvisert musikk av rytmisk karakter. Spontane komposisjonar, variasjonar over tema og utvikling av klangar er alle viktige element i trioen, men viktigast av alt er spelegleda. Trioen byr på eit program med tittelen «som Eric Dolphy på take the A-train».