Thelin, Scodanibbio og Wilhite-Hannisdal

Bassistar frå NMH framfører musikk skrive for kontrabass.

Program

Håkon Thelin (1976-): North of the Mountains for to kontrabassar 
Håkon Thelin: Høstlåt for kontrabasskvartett
John Andrew Wilhite-Hannisdal (1991-): Three Minutiae for kontrabass solo
Stefano Scodanibbio (1956-2012): Sei studi for kontrabass solo
 

Omtale

Musikken på denne konserten utforskar spesielle kvalitetar og harmoniar som berre er mogleg på bass. Musikken til Håkon Thelin finn uventa samband mellom mikrotonalitet i bass og norsk folkemusikk. Musikken til Wilhite-Hannisdal bruker nye teknikkar som han har utvikla som ein del av masterprosjektet sitt.

Foto: Christer Männikus