Jennifer Torrence.jpg
Jennifer Torrence, frå ei framsyning med No Say No Way. Foto: Martins Vilcens

Triangelens triumf - No Say No Way - Ei ikkje-framsyning

Musikkakademiet

No Say No Way er ei ikkje-framsyning av François Sarhan om å halde tilbake, å vere besett og å ikkje fullføre. Gjennom å bruke kroppen, stemma og rituale, presenterer Jennifer Torrence eit litt absurd konsertforedrag om det ikoniske slagverkinstrumentet triangelen.

  • Mandag 29. februar 2016
  • 19.30
  • Levinsalen
  • 100/50

Medvirkende

Jennifer Torrence (slagverk)

Omtale

Triangelens triumf
Gjennom kropp, stemme og ritual presenterer kunststipendiat og perkusjonist Jennifer Torrence den absurde framsyninga No Say No Way, der publikum verken får oppleve ei normal framsyning eller eit normalt foredrag.

I denne ikkje-framsyninga heng triangelen i sentrum, og det er historia, mystikken, venleiken, og sanninga ved dette ikoniske instrumentet som blir formidla. Men i tillegg triumferer instrumentet også, ved å overskride seg sjølv.

Prokrastinering
Kva vil Torrence med dette? Sjølv seier ho at ikkje-framsyninga tar opp tema som å halde tilbake, det å vere besett og prokrastinering, kjende størrelsar som her blir levandegjort med hennar eiga tilnærming.

Samarbeid om eit slags totalteater
Torrence har samarbeidd med den franske komponisten og installasjonsartisten François Sarhan om å skape denne ikkje-framsyninga, ei form som minner om absurd teater ved at det spør om vårt moderne trusinstinkt, om kvar angsten held hus og om våre ritual for å handtere det som ikkje er.

Verket, eller ikkje-verket, krev ein musikkutøvars ferdigheiter, og innsikter og ferdigheiter frå instrumentalteater og fysisk teater, noko Torrence kallar eit totalutøvarinstrument.

No Say No Way er bestilt av Jennifer Torrence med midlar frå Norsk kulturråd, og også finansiert gjennom Program for kunstnarisk utviklingsarbeid. Torrence begynte på sitt treårige kunststipendiatprogram ved Musikkhøgskolen sist haust.

Framsyninga er tidlegare vist på festivalar i Sverige og Latvia.