Vandrande himmel og Nyslått

  • Søndag 4. februar 2018
  • 18.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Solistar:
Malin Alander (sang)
Helga Myhr og Astrid Garmo (hardingfele)

Program

Magnar Åm - «Vandrande himmel – folketone frå ingen stad»

Henrik Ødegaard - Nyslått

Omtale

«Vandrande himmel – folketone frå ingen stad» er eit verk av Magnar Åm for seks strykerar og ein folkesongar. Åm fekk Arne Nordheims komponistpris for dette stykket, som i hovudsak var skrive spesielt for stemma til songaren Åsne Valland Nordli.

Vidare blir Nyslått av Henrik Ødegaard å høyre. Verket er sekssatsig og skrive for to hardingfeler og strykeorkester. Nyslått leiker seg med ein kombinasjon av klassisk musikk og tradisjonelt slåttespel.