AVLYST! Vener eller rivalar? - Händel og kollegaene hans

Konserten utforskar musikk av komponistar Händel samarbeidde med, konkurrerte mot, men óg lærte noko av: Domenico Scarlatti, Johann Mattheson og William Babell.

  • Tirsdag 26. september kl. 19.00
  • 19.00
  • Levinsalen
  • 150/100
  • Avlyst
Kjøp billett

Medvirkende

Ditte Marie Bræin (sopran)
Christian Kjos (cembalo)

Program

Johann Mattheson (1681-1764): Cembalosuite i g-moll frå Pieces de Clavecin (London, 1714)

Georg Friedrich Händel (1685-1759): Kantate Non sospirar, non piangere (Firenze, 1707)

Domenico Scarlatti (1685-1757): Cembalosonatar (London, 1738)

William Babell (1689/90-1723): Cembalotranskripsjonar frå Händels opera Rinaldo, 1711 (London, 1717)
Ouverture – Lascia ch’io pianga – Sulla ruota di fortuna

Georg Friedrich Händel (1685-1759): Kantate Chi rapì la pace al core (Firenze 1706-1707)

Omtale

Georg Friedrich Hãndel.

Georg Friedrich Händels forhold til dei jamaldra kollegaene var ikkje alltid friksjonsfritt. (Han hamna i ein faktisk duell med ungdomsvenen Johann Mattheson etter ein krangel om kven som skulle ta plass ved cembaloen under ei operaførestilling.)

Konserten utforskar musikk av komponistar/musikarar som Händel samarbeidde med, konkurrerte mot, men óg lærte noko av: Domenico Scarlatti, Johann Mattheson og William Babell.

I tillegg til cembalomusikk av desse komponistane, framfører sopranen Ditte Marie Bræin og cembalisten Christian Kjos to italienske kantatar av Händel. Desse kantatane er ufortent ein bortgøymd skatt i den mangfaldige produksjonen til Händel, og er sjølve kjernerepertoaret i Kjos sitt stipendiatprosjekt som fokuserer på cembalo-akkompagnementet i desse kantatane.

Om billettar på Musikkhøgskolen

Du kan kjøpe billettar på førehand via nmh.ticketco.no. Du kan du óg kjøpe billettar i døra med kort eller Vipps. Musikkhøgskolen tar ikkje kontantar.
Les meir om billettsal ved Musikkhøgskolen.