Waldemar 4

Waldemar 4 blei sett saman av Trygve Waldemar Fiske i høve tingingsverket hans til Molde jazzfestival i 2014. Høyr ei kruttønne av kreative musikarar som samlar seg i eit leikent og pulserande ensemblespel.

  • Mandag 25. april 2016
  • 19.30
  • Levinsalen
  • Gratis

Omtale

Med Håvard Wiik (piano), André Roligheten (saksofon, bassklarinett) og Erik Nylander (trommer) har Fiske sett saman ei kruttønne av kreative musikarar som samlar seg i eit leikent og pulserande ensemblespel. Dei speler akustisk musikk med sterke røter til jazz- og frijazztradisjonen, og dei speler komposisjonar som gir fridom og kan ta fleire retningar.

Etter ein knallsterk debutkonsert for eit utseld Storyville under Moldejazz 2014, har Waldemar 4 spelt 15 konsertar i Norge og spelt inn det første albumet sitt. Debutplata Waldemar 4 blei slept på Gigafon i september og har hausta svært gode kritikkar.