Workshop om øving på tvers av sjangrar

Alle studenter ved NMH er velkomne til workshop om øving på tvers av sjangrar i regi av Senter for fremragende utøving i musikkutøving. Ta med instrument dersom det er praktisk mogleg. Vi stiller med pepperkaker.

  • Mandag 7. desember 2015
  • 17.00
  • Rom U1010

Omtale

I CEMPE (Centre for Excellence in Music Performance Education) har vi ei lærargruppe som arbeider med eit prosjekt der vi utforskar øving på tvers av sjangrar.

Lærargruppa har i haust bestått av Unni Løvlid (folkesong), Eyolf Dale (jazzpiano), Morten Halle (jazzsaksofon), Bjarne Magnus Jensen (klassisk fiolin) og Hans-Kristian Kjos Sørensen (slagverk). Prosjektleiar er Guro Gravem Johansen.

Arbeidet i haust har gått ut på at kvar av lærarane har definert eit fokusområde innanfor øving som dei har undervist enkelte av sine studentar i, som lærarane så diskuterer og utvekslar erfaringar og idéar rundt i gruppa.

Fokusområda har vore mikrotonalitet i folkemusikk og samtidsmusikk, metodar for å opparbeide personlege «minneknaggar» for å styrke innstudering av nye verk, metodar for å kome ut av vaner når ein improviserer, analytisk kroppsmedvit i relasjon til instrumentet, og intuitive versus analytiske tilnærmingar til å improvisere over akkordskjema.

Gjennom dette arbeidet har vi lærarar erfart det som utruleg interessant og nyttig å kunne dele og diskutere slike temaer med andre musikarar med erfaring frå ulike sjangrar. Dette vil vi no dele med dykk studentar!

No vil vi invitere alle studentar til ein ope workshop der lærarane demonstrerer og arbeider med desse ulike temaene, med fokus på å gi deg nye idéar og inspirasjon du kan ta med til di eiga øving, uavhengig av sjanger.