Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Search

Musikkstudentkonferansen søker prosjektmedarbeidar

Musikkstudentkonferansen 2022

Vil du vere med å vidareutvikle Noregs fyrste konferanse for musikkstudentar?

Musikkstudentkonferansen er eit initiativ frå studentane Anna Rødevand og Siri Storheim, og vart gjennomført for fyrste gong i 31.oktober 2020 på Noregs musikkhøgskole, som eit studentdrevet CEMPE-prosjekt. 1.april 2022 blir det ei ny utgåve, denne gongen utan koronarestriksjonar.

Musikkstudentkonferansen skal vere ei fagleg og sosial møteplass for musikkstudentar i heile Noreg, og skal fylles med innhald som kan utfordre både individ og system.

Vi søker ein prosjektmedarbeidar som skal jobbe saman med det noverande teamet. Jobben byr på varierte arbeidsoppgåver, som hovudsakleg dreier seg om planlegging av program, marknadsføring, booking og gjennomføring av konferansen. Jobben vil gi verdifull erfaring med arrangementsplanlegging, og bidra til å utvide ditt nettverk i kulturlivet. Oppdraget er lønna.

Articles relevant