ECMA (European Chamber Music Academy) er eit kammermusikalsk samarbeid mellom nokre av dei leiande musikkhøgskolane i Europa. Kvart år arrangerer medlemslanda samlingar. Kammergrupper frå heile Europa blir inviterte til å delta. ECMA inneheld foredrag, konsertar og opne meisterklassar. Open undervisning og meisterklassar blir annonsert ved oppslag på Musikkhøgskolen.
Lærarar i år er Hatto Beyerle, Johannes Meissl, Tim Frederiksen og Patrick Jüdt. Frå Musikkhøgskolen skal Torleif Thedéen halde meisterklasse.