Kammermusikk er eit viktig satsingsområde på Norges musikkhøgskole. Samspel i små grupper bidrar til å bygge institusjonen innanfrå. Kammermusikk er obligatorisk for dei fleste utøvarstudentane. Dei vel sjølv kva musikk dei vil konsentrere seg om – dei klassiske kammermusikkverka, improvisasjon, eller sjangeroverskridande prosjekt.
På Kammermusikkveka arrangerer vi også workshops og meisterklasser, inviterer gjestar og held konsertar der studentar og lærarar speler saman.