Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Oslo kulturnatt 2022

-

Vi er som vanleg med på Oslo kulturnatt, og i år kan du oppleve både symfoniorkester, storband og jazz-sinfonietta.

Program

Kl. 13:00 Lindemansalen: Open prøve med Musikkhøgskolens symfoniorkester

Hector Berlioz (1803–1869): Symphonie Fantastique, op. 14, med Musikkhøgskolens symfoniorkester og dirigent Eivind Aadland.

Kl. 13:00 Levinsalen: Poems for Orchestra

Dette prosjektet er på besøk på NMH i undervisningssamanheng, og vi opnar dørene til ein heil konsert i Levinsalen.

Bohuslän Big Band er eit samtidsorkester som både beskyttar og utfordrar storbandsjangaren. Uredde og utforskande samarbeider dei breitt og variert, for eit publikum som består av både store og små. I løpet av åra har dei spelt blåtoner med internasjonale jazzgigantar som Gregory Porter, Maria Schneider og Nils Landgren, og kompa store namn som Jull Johnson, Samuel Ljungblad og Solala. Dei har delt scena med unge jazztalent og fått tusentals av barn til å leikent oppdage storbandmusikken sine gjyngande toner. Rytmen varierer, men det er nettopp det som er melodien deira.

Kl. 19:00 Levinsalen: Eclectic Night Orchestra

«Hvorfor er du to personer?» Misha Alperin sine mørke auge stirrar forventningsfullt og lett anklagande på meg.

Eg svarar så godt eg kan, at eg skjønar godt kva han meiner: I studietida mi ved Norges musikkhøgskole oppdaga eg fort at dei andre komposisjonstudentane i flokk fnyste av den tonale jazzmusikken som eg dreiv med, men ein for ein innrømde dei rett som det var at dette var tøffe greier.

Slik enda eg opp som skuleflink samtidskomponist i ulveflokken på dagtid, og sneik meg ned takrenna på kveldstid og spelte jazz, fusion, rock og popmusikk, og trossa alle formaningar om å spisse kompetansen. På kveldens konsert er alle desse lause trådane og takrennene slengde opp i same hatten og orkestrerte for det perfekte pandemiorkesteret: sinfoniettaen.

Vi trillar postpandemisk lykkehjul i jakta på ungdomsverk, reviderte perler og poplåtar, motvillige forsøk på å bli minimalist, tolkingar av standardlåtar og folketonar, delar av havarerte og vellykka tingingsverk, og overskrivingar av gode gamle Johan Sebastian, den aller eldste.

Spinn lykkehjulet!

Konserter Kommende

Publisert: 8. jun. 2022 — Oppdatert: 28. jul. 2022