Royal College of Music inngangsparti

Å øve på prestasjon

Korleis kan ein førebu seg på å prestere foran eit publikum eller eit dommarpanel?

Bortsett frå å øve intenst på musikken på øverommet, og håpe at det sitt i situasjonen der det gjeld som mest? Korleis kan ein rigge til øvingssituasjonar som liknar så mykje som mogleg på konsert eller prøvespel, når hjertet bankar fort og munnen blir tørr?

Slike problemstillingar har professor Aaron Williamon og Terry Clark ved Centre for Performance Science ved Royal College of Music (RCM) i London arbeidd med sidan 2011. Dei har fått bygd ein prestasjonssimulator, eller performance simulator på engelsk. Seniorforskar Johannes Lunde Hatfield og førsteamanuensis Guro Gravem Johansen frå CEMPE besøkte RCM 13. juni 2017 for å få informasjon om simulatoren, og observere korleis den fungerer.

Gjenskaper ulike prestasjonssituasjonar

Simulatoren brukast både til forsking på prestasjonar, og til øving på prestasjonssituasjonar for studentar ved RCM. Tanken er at den skal gjenskape ulike prestasjonssituasjonar så realistisk som mogleg, anten det er ein konsert med publikum i ein kammerkonsertsal, eller ein prøvespelsituasjon framfor eit dommarpanel. Her finst også måleapparat til å sette på musikaren som registrerer hjertefrekvens og dermed seier noko om stressnivå. I samband med forsking på stressnivåa ved framføring er forskarane også interessert i måling av kortisol, fuktigheit i huda og fysiologiske analyser av rørsle og kroppsbruk.

Øvst i eit tårn

altRCM er ein historisk bygnad frå 1890-talet med to tårn. I 6. etasje, litt mystisk gøymd bort øvst i det høgre tårnet, ligg rommet som er ombygd til simulator. Først kjem ein inn i ein liten gang som illuderer backstage. Her finst to monitorskjermar som viser kva som skjer inne i «salen» der ein skal framføre verket sitt. Terry speler podievakt, og ber oss om å vente til «salen» er klår. Backstage-rommet er dekorert med små detaljar som skal bidrage i å minne om ein autentisk situasjon – til dømes skiltet på den kunstige døra inn til «scenen», med teksten «Please be quiet during concert.»

Simulering av dommarpanel

I dag skal Aaron og Terry demonstrere ei simulering av å spele foran eit dommarpanel for oss. På monitoren ser vi tre skodespelarar som er filma medan dei tilsynelatande gjer seg klår til å høyre på nye søkarar. Terry spør om vi er «klåre», og opnar døra. Framføringsrommet er eit lite bur på ca 3 x 3 meter, med flygel, eit notestativ, svarte tepper på veggene, lyskastarar, videokamera og opptaksmikrofonar, ein projektor og eit lerret. Sidan vi skal teste ut audition-situasjonen, spelast det av ein video av dommarpanelet med dei tre skodespelarane som noterer og ser ut som dei lyttar. Videoen er ikkje interaktiv, men simulatoren har tre ulike dommarpanel-modi å velje mellom, alt etter kva for reaksjonar ein vil teste hos forsøkspersonane i forskinga, eller kva studenten er ute etter å trene på. Det moduset vi får oppleve er eit der dommarane viser entusiasme. I eit anna modus er dei indifferente, og i eit tredje er dei negative, og «avbryt» søkaren etter kort tid. Dei tre dommarane på videoen er projisert i ein naturleg storleik. Dei kjem også med små kommentarar og endrar andletsuttrykk på ein måte som gjer situasjonen tett opp til autentisk.

prestasjonssimulator

Ein mobil ringer, og nokon hostar

I ei anna simulering gjenskapast ein kammerkonsertsituasjon. Monitoren «backstage» viser publikum som sett seg på stolane, og Terry viser oss inn i simulatorboksen igjen. Denne gongen er konsertpublikummet projisert på lerretet, og dei klappar og smiler når vi kjem inn. Ein mobil ringer, og nokon bak i salen hostar.

Har konstruert eit «klassisk publikum»

Det er lagt stor vinn på å legge inn både visuelle og auditive detaljar for å gjere simulatoren autentisk. Visse manglar førekjem nødvendigvis likevel. Sidan videoen ikkje er interaktiv, er åtferda hos skodespelarane slik den var når videoen blei spelt inn. Konsertpublikummarane er dessutan filma ein og ein, og nokre av skodespelarane er duplisert. Det var den mest praktiske måten å lage videoen på, men det inneber også at publikum heller ikkje interagerer med kvarandre, som ein kunne forvente i ein verkeleg konsertsituasjon.

På spørsmål om kva for ulike sosiale og kulturelle kontekstar simulatoren har tilgjengeleg, og om dei berre er tilpassa klassiske utøvarsituasjonar, svarer Aaron stadfestande på det siste.

alt«Someone commented on all the grey hair among the audience. Well, that will be a typical feature of the classical audience, wouldn´t it? We have constructed a typical well-behaved, predictable classical audience.”

Eit godt instrument for klassiske musikarar

Simulatoren ved RCM vil altså førebels ikkje vere spesiell relevant for andre sjangrar eller kontekstar enn nokså konservative settingar innanfor den klassiske musikkulturen. Situasjonar der interaksjon både internt mellom musikarar, og mellom musikarar og lyttarar er større og har større tyding for utfallet, er ikkje tilgjengeleg i simulatoren. Til tross for slike faktorar har undersøkingane av utøvarar sitt stressnivå vist at dei fysiologiske reaksjonane både før, under og etter ei framføring i simulatoren er svært like dei reaksjonane som ofte førekjem i verkelege situasjonar. Ein kan dermed vere relativt trygg på at simulatoren er eit godt instrument for å øve på å takle prestasjonsangst for klassiske musikarar.

Ønskjer å utvikle ein liknande simulator ved NMH

I samband med det nye forskingsprosjektet til Johannes Lunde Hatfield i CEMPE planleggast vidare utvikling av teknologi knytt til virtuell realitet (VR) for å nytte på liknande måte på NMH. Johannes ønskjer her å undersøke moglegheitene for bruk av både VR-briller i ein laboratoriesituasjon i tillegg til å bruke ein liknande prosjektert simulator. Tanken er å teste ut både teknologien som allereie er i bruk ved RCM, i tillegg til å ha moglegheit for meir fleksible VR-løysningar. Frå og med neste skuleår planlegg Johannes å starte opp med en pilotstudie der føremålet er å utvikle toppmoderne Software for bruk i ein liknande simulator der studentar og lærarar kan kome så nær ein verkeleg framføringssituasjon som mogleg. Etter besøket vårt ved RCM ser Johannes mange nye moglegheiter og potensial for vidare utvikling av teknologien i samband med øving og framføring.

Sist oppdatert: 22. juni 2017