Bygger fellesskap rundt undervising

Nye møteplassar og insentiv gjer at lærarar kan dele kunnskap og erfaringar og undervising på andre måtar enn før. bioCEED og CEMPE har ulike utgangspunkt, men som Senter for framifrå utdanning arbeider begge med lærarkultur og har tydelege fellestrekk.

Saken ble første gang publisert i NOKUTs SFU-magasin.

Lærere i samtale

Systematisk arbeid med lærarkulturen

– Ein kultur for kvalitet oppstår ikkje i enkeltindivida, men i eit sterkt fellesskap der ein deler og utviklar saman. Dette har vore ein av berebjelkane i bioCEED sitt arbeid for utvikling av lærarkulturen, kan senterleiar for bioCEED Vigdis Vandvik fortelje.

Mange av verkemidla for å bygge fellesskap rundt undervising eksisterer allereie i fagmiljøa: – faglege møteplasser og samarbeid er ikkje nytt i akademiske miljø.  Det som er nytt, er at både bioCEED og CEMPE no jobbar  meir systematisk med å bygge og styrke nye felles-skap rundt undervisinga, og at begge sentera har funne ei form som motiverer mange lærarar til å ta del i denne kulturendringa.

– For CEMPE sin del er det unikt at kulturendringa handlar både om å skape openheit rundt undervisinga, og å oppmuntre til meir systematisk forskings– og utviklingsarbeid rundt eiga undervising, seier senterleiar for CEMPE Jon Helge Sætre.

«For CEMPE sin del er det unikt at kulturendringa handlar både om å skape openheit rundt undervisinga, og å oppmuntre til meir systematisk forskings– og utviklingsarbeid rundt eiga undervising» (Sætre)

Kultur for god undervising

Ved Noregs musikkhøgskole (NMH) har det så og seie alltid vore kultur for å gi god undervising. Med røter i meisterlæretradisjonen er mykje av dagens instrumentalundervising tufta på «meister-svenn»-prinsipp, som inne-ber individuelle speletimar og tett oppfølging av studenten. Også i andre teoretiske og praktiske fag er undervising høgt prioritert av lærarane.

Kanskje heng det saman med NMHs bakgrunn som musikkonservatorium – at Musikkhøgskolen historisk sett har vore ein «musikk-skole» med lærarar og studentar samansveisa i eitt praksisfellesskap. Desse nære relasjonane mellom studentar og lærarar kan ha overskygga behovet for å dele kunnskap og erfaringar om undervising med kollegaer.

Nedanfrå og opp

Engasjerte lærarar er eit solid utgangspunkt for å realisere CEMPEs visjon om å utvikle kunnskap som kan medverke til kvalitet på høgre musikkutdanning. Når det finst ein så kvalifisert lærarstab samla under eitt tak på NMH, har eitt av de viktigaste utgangspunkta for CEMPE vore å bygge nye lærarkulturar nedanfrå.

– Vi har heile tida ønskt ein nedanfrå-og-opp-kultur i senteret. Måten vi har organisert dette på, er å la lærarane sjølve foreslå relevante utviklingsprosjekt innanfor CEMPEs hovudområde. På denne måten har CEMPEs prosjektportefølje blitt til ved hjelp av lærarane sine interessefelt og initiativ, forklarar senterleiar Jon Helge Sætre.

Skapar møteplassar for kunnskapsdeling

Eitt av CEMPEs bidrag er å sameine dei gode undervisingskreftene og slik legge til rette for at lærarar kan dele og diskutere erfaringar om eiga undervising. – CEMPE set saman lærarane i team slik at dei får høve til å snakke saman. Vi ser at dette gir gode og etterlengta møteplassar for å dele kunnskap og erfaringar om undervising, fortel Jon Helge Sætre.

Isabelle Perrin og Jon Helge Sætre
Foto: Aslaug Louise Slette

Utfordringa har vore at lærarane hovudsakeleg har halde seg på kvart sitt kontor og i kvart sitt klasserom, slik at undervisinga og refleksjonar rundt undervisinga har vore ein «einsam praksis», slik bioCEED også omtalar det. Det kan sjå ut til at arbeidsformene i CEMPE medverkar til å skape nye fellesskap rundt undervising i lærarstaben.

Bli kjent – bli inspirert

Julius Pranevicius
Julius Pranevicius

Julius Pranevicius, professor i horn, er ein av lærarane som har deltatt i opptil fleire CEMPE-prosjekt. Slik omtaler han sine erfaringar med å delta i eit lærarteam:

– Deltakinga i CEMPE-prosjekta har vore særs lærerik, og ein viktig arena for å bli kjent med mine kollegaer gjennom gruppediskusjonar rundt undervising, øving og andre tema som ein sjeldan snakkar om i «korridoren». Eg blei veldig inspirert av arbeidsmåtane og innfallsvinklane som mine kollegaer presenterte på gruppesamlingar. Det at kollegaene var så opne og nysgjerrige, ga meg tryggleik til å fortsette å vidareutvikle nokre av ideane som blei fødde i mitt første år med CEMPE-prosjekt, seier Julius Pranevicius.

Strategisk satsing på arbeidstid

Det tar tid å vere kreativ og sjølvkritisk rundt eigen undervisingspraksis. Normalt brukar lærarane ved NMH eiga forskings– og utviklingstid til å jobbe med kunstnarleg utviklingsarbeid eller meir tradisjonelle forskingsprosjekt. – Noko av grunnen til at vi lukkast med å skape ein ny giv rundt sjølve undervisingskulturen, er at CEMPE øyremerkar arbeidstid for nettopp å reflektere rundt, prøve ut og tenke innovativt om gamle og nye undervisingsformer, hevdar senterleiar Sætre.

«Noko av grunnen til at vi lukkast med å skape ein ny giv rundt sjølve undervisingskulturen, er at CEMPE øyremerkar arbeidstid for nettopp å reflektere rundt, prøve ut og tenke innovativt om gamle og nye undervisingsformer» (Jon Helge Sætre)

Ved øyremerking av ekstra arbeidstid til pedagogisk utviklingsarbeid krev CEMPE også dokumentasjon av refleksjonen og utprøvinga som har vorte gjort. Denne strategiske satsinga går derfor hand i hand med NMHs basiskurs i høgskolepedagogikk, der lærarar som treng pedagogisk kompetanse blant anna gjennomfører kollegarettleiing og skriv refleksjonsoppgåver om eiga undervising.

Dei to akademiske kulturane

– Undervisarar i høgre utdanning har typisk to svært ulike roller – læraren og forskaren, og til desse rollene høyrer to ulike akademiske kulturar, seier Vandvik frå bioCEED.

Der forskarkulturen er prega av vitskapleg metode og kontinuerleg utvikling, er undervisingskulturen prega av konservering av metodar og erfaringsbasert praksis. Som forskarar deler, vurderer, kritiserer, debatterer og dokumenterer ein arbeid og resultat, men som lærarar blir det same gjort i liten grad. Forskarkulturen har ein sterk og krevjande kollegialitet, medan undervisingskulturen er prega av fordeling av arbeidsoppgåver og «einsam praksis».

– Ein veg til å bygge kvalitetskultur i undervisinga er å foreine dei to rollene, ved å ta det beste frå den kollegiale forskarkulturen inn i undervisingskulturen, ifølge Vandvik.

«Ein veg til å bygge kvalitetskultur i undervisinga er å foreine dei to rollene, ved å ta det beste frå den kollegiale forskarkulturen inn i undervisingskulturen» (Vandvik)

Ein kollegial lærarkultur

bioCEED har lagt vekt på å skape møteplassar der læring og undervising er tema. Semnar, workshops, læringsforum og årlege lærarsamlingar er døme på kollegiale aktivitetar senteret arrangerer, og hovudfokuset er på tema som er direkte nyttige i undervisingspraksisen for den enkelte deltakaren.

I samarbeid med den pedagogiske utviklingseininga Genombrottet på Lunds Universitet tilbyr bioCEED lærarkurset The Collegial Project Course. Kurset utfordrar deltakarane til å ha ei forskande tilnærming til eigen undervisingspraksis, ved å bli kjende med relevant litteratur og gjennom undersøking, utvikling og dokumentasjon av undervisingspraksisen. For å styrke samarbeid og kollegialitet gjennomfører deltakarane eit gruppeprosjekt som blir vurdert både av kursleiar og «medstudentane» (kollegavurdering). At kurset har positive effektar, stadfestar deltakar på lærarkurset, førsteamanuensis Pernille Bronken Eidesen ved arktisk biologi, UNIS:

– Eg blei motivert til å jobbe med vidareutvikling av eige kurs, og fekk nye idear til utbetring av læringsaktivitetar. Eg fekk eit bevisst forhold til samspelet mellom kursinnhald, læringsaktivitetar og vurderingsform; spesielt kor viktig undervegsvurdering er. No ser eg nytta av ei gjennomtenkt emneskildring, og at den kan fungere som eit verktøy. Tidlegare opplevde eg det å skrive kursskildringar meir som eit administrativt krav enn noko eg faktisk kunne bruke til noko.

Foto: Inger Lise Næss

Dei kollegiale aktivitetane har gitt oss eit felles språk for å reflektere og diskutere undervising lokalt, men har òg inspirert lærarkollegiet til å involvere seg i debatten om undervising utanfor sitt eige fagmiljø. Senterleiar Vigdis Vandvik opplever at det felles språket har gitt ein ny dimensjon til diskusjonane om undervising i fagmiljøet:

– Til og med når undervisarane vil skyte ned eller kritisere idear og prosjekt, gjer dei det med referanse til pedagogisk faglitteratur. Vi diskuterer på ein annan måte, og det er ikkje lenger nok å ha ei meining, Ein må ha ei informert meining, seier ho.

Ein forskande lærarkultur

Biologilærarar og studentar i Bergen og på Svalbard merkar godt at dei er ein del av eit SFU. bioCEED sine forskings– og utviklingsprosjekt brukar biologiutdanninga som «feltområde» og lærarar og studentar som forskingsobjekt. – Men vi ser òg ei aukande interesse for å utvikle og forske på eiga undervising blant lærarane sjølv, og fleire prosjekt har oppstått som resultat av dette, fortel Vandvik.

Nær halvparten av den faste vitskaplege staben på dei biologiske vertsinstitutta til bioCEED er no involvert i FoU-prosjekt innan utdanning. Heldigvis ser studentane ut til å akseptere at dei er prøvekaninar. – Det er gøy å vere prøvekanin for nye, meir aktive undervisingsmetodar. Då gler ein seg til forelesing, seier ein student. – I yrkespraksisfag initiert av bioCEED får vi som studentar delta i aktive forskarar sin kvardag. Undervisinga er nærmast levande. Vi ser at faga endrar seg frå år til år som respons på tilbakemeldingar frå studentane, fortset ho.

 «Det er gøy å vere prøvekanin for nye, meir aktive undervisingsmetodar. Då gler ein seg til forelesing» (student)

Verdsetting av kvalitet

bioCEED representerer undervisingsutvikling i fagmiljøet, og forankringa på lokalt nivå har styrka kulturbyggingsarbeidet og er ein nøkkel for å utvikle ein kollegial og forskande lærarkultur. Men dersom ein vil oppnå ein varig kvalitetskultur, må det òg skje endringar på institusjonelt nivå, meiner senteret.

I bioCEED si spørjeundersøking blant undervisarar i biologi i høgre utdanning kom det tydeleg fram at undervisarane ønsker meir fokus på og verdsetting av undervising, noko denne kommentaren frå ein av deltakarane illustrerer:  «Eg har alltid vore oppteken av kvalitet i undervisinga, og trur eg har lukkast bra med det. Men kvalitet vert lite verdsett  og vert knapt lagt  merke til. Eg saknar sterkare kvalitetsfokus når det gjeld undervising, og verdsetting av tiltak for å styrke kvalitet».

– Om undervising blir sett på som ein annanrangs aktivitet  samanlikna med forsking, og innsats og kvalitet i undervising ikkje er meritterande og vert verdsett, vil vi ikkje kunne utvikle ein varig kvalitetskultur, seier senterleier Vandvik.

I tillegg til å bidra med ressursar, støtte og kompetanse til enkeltundervisarar som ønsker å utvikle sin undervisingspraksis, har bioCEED jobba tett med institusjonsleiinga ved Universitetet i Bergen for å få på plass ei meritteringsordning for framifrå undervising. Ordninga gir den pedagogiske kompetansegraden Framifrå undervisar til lærarar som har arbeidd systematisk med undervisingsutvikling og bidrar til kollegial og profesjonell undervisingskultur. Ordninga skal honorere og medverke til verdsetting av kvalitet i undervising.

5 tips

  • Lag faglege møteplassar som styrkjer kjensla av fellesskap rundt undervising.
  • Likestill statusen til pedagogisk utviklingsarbeid og undervising med statusen til forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • La lærarane bli kjende med undervisingspraksisen til kvarandre – bygg felles språk og legg til rette for gode samtalar.
  • Utvid laget rundt undervising og bruk kompetansen hos studentar, lærarar, pedagogiske ekspertar og støtteapparatet.
  • Dyrk den lokale lærarkulturen, men bygg institusjonelle mekanismar for å styrke kvalitetsarbeidet.
Sist oppdatert: 16. februar 2017