Profilbilde slagverk hi-hat

Foto: Kimm Saatvedt

Musikalske vaner – personleg uttrykk eller klisjear på tomgang?

Korleis kan ein skapande musikar ta fatt i eigne manglar og i staden bruke vanene som eit materiale ein kan vidareutvikle?

Eyolf Dale

Eyolf Dale er lærar i jazzpiano ved NMH og har delteke i CEMPE-prosjektet Øving på tvers av sjangrar i skoleåret 2015/16

imported-image

Eyolf Dale

Førsteamanuensis

Jazz-piano

For improviserande musikarar er det viktig å utvikle medvit om det å frigjere seg frå innøvde vanar. Lærar i jazzpiano, Eyolf Dale, har hatt dette som sitt fokus når han i skoleåret 2015/16 har delteke i CEMPE-prosjektet Øving på tvers av sjangrar.

Eyolf har hatt nokre hovudinstrumenttimar med trommestudent Henrik dette skoleåret, og då speler dei ofte duo piano og trommer. På ein workshop med lærarar og studentar som deltek i Øving på tvers av sjangrar, skal Eyolf og Henrik demonstrere ei øving dei ofte har gjort på time. Poenget med øvinga er å sette fokuset på kva for improvisasjonsrepertoar dei bruker når dei speler fritt saman.

Dei startar med å improvisere fritt utan å adresse noko bestemt, for å sjå kva som hender. Kva for ulike musikalske fenomen eller idéar kan dei legge merke til at Henrik bruker ofte på trommene? For øvinga si skuld ønsker Eyolf at dei skal kunne identifisere fem ulike fenomen som er typisk for Henrik når han ikkje tenker seg om på førehand. Etter to improviserte forløp spør Eyolf Henrik korleis han opplevde dei to forløpa.

Henrik: Eg føler hvert fall ofte at det blir best når eg ikkje tenker for mykje (…).Ofte når ein speler fritt lurer ein jo på kor mykje initiativ ein skal ta, og kor mykje ein skal vente på andre sine initiativ.
Eyolf: Eg prøvde å legge merke til kva du gjorde ofte, noko som sjølvsagt blei påverka av kva eg gjorde, men som uansett kom frå deg. Det er nokre ting eg la merke til, som ofte kjem som ein «kjedereaksjon» hos deg.

Gjentaking

Etter tre runder med korte improviserte forløp saman oppsummerer Eyolf fem musikalske element som han oppfatta at Henrik gjentok ofte i dei improviserte forløpa.

Det første elementet kallar Eyolf for «enkeltslagsvirvel». Han beskriv den som kort, at den bygger opp spenning, og den har ofte ein liten avfraserande hale.

Element nummer to beskriv Eyolf slik:

- Det høyrast ut som ein slags fraseslutt [syng frase med nedadgåande pitch], som er litt brekk-aktig [som eit tromme-break]. På timane våre har vi ofte snakka om at dette elemenet kjem litt for ofte, som ein vane. Den har den effekten at den avsluttar noko som eigentleg ikkje er meint å slutte, i staden for å invitere til framhald.

Det tredje elementet kallar Eyolf for ”teppevirvel”, og det fjerde elementet er at Henrik speler fraser fordelt rundt på heile trommesettet. Etter litt diskusjon kjem dei saman fram til at det femte elementet kan identifiserast som abrupte stopp, noko Eyolf formulerer som ”eit slags fill med stum hale” .

"Det er dette øvinga handlar om. No har du allereie kome lenger med det elementet, no har du lært noko nytt om det." (Eyolf Dale)

Variasjonar

Etter at dei har identifisert dei fem ulike elementa i Henrik sitt spel, som oppsto i samspelet med Eyolf, forklarar Eyolf at på same måte som ein kan øve på ulike melodiske variantar over eit akkordskjema, så kan ein øve på å lage ulike variantar over desse fem elementa.

Henrik får no i oppgåve å medvite bruke det første elementet, enkelslagsvirvelen, men å variere kva for klangkombinasjonar han bruker når han speler dette. Henrik improviserer litt fritt åleine der han prøver å sette oppgåva ut i livet.

Eyolf: Fint, men den var framleis ganske kort. Kan den vare litt lenger?
Henrik: Ja, men det er vanskeleg teknisk.
Eyolf: Prøv. Lag ein liten impro der du varierer over det elementet, der du brukar same lyd, og der du brukar to ulike lydar.
[Henrik improviserer eit litt lengre strekk.]
Eyolf: Ikkje sant, ganske kult! Det skapar konsentrasjon rundt få element. Det er dette øvinga handlar om. No har du allereie kome lenger med det elementet, no har du lært noko nytt om det.

På same måte arbeider dei seg gjennom kvart av dei fem elementa. Henrik seier han av og til er usikker på korleis han kan bruke eit element til å variere med, og Eyolf gir han forslag.

Eyolf: Så tar vi den «teppevirvelen». Der syns eg du allereie i stad varierte, du lagde ein djubde i teksturen som inviterer andre til å velje om dei vil «bli» i dét, eller gjere noko anna oppå .
[Henrik speler]
Eyolf: Er det andre måtar å spele på?
Henrik: Ja, ein kan opne den eller lukke den [avhengig av kor på skinnet ein slår]. [Henrik demonstrerar]
Henrik: Teksturen blir også påverka av kor hardt ein pressar med vispene.
Eyolf: Ja, kva viss èi hand går fort, og ei hand går sakte? Då skapar du enno meir djubde.
Henrik: Ja, som to dimensjonar. [speler]
Eyolf: Kul effekt, fordi dei to henda speler ulikt. Dette er overførbart til tradisjonelt vispekomp også.

Når Henrik tvingast til å avgrense seg til eitt bestemt element, og samstundes forsøke å variere elementet, blir han lettare merksam på kva for føresetnader som har forårsaka e spelemåten. Til dømes er bestemte klangkombinasjonar kobla til bestemte motoriske mønstre på settet. Det å bryte opp det motoriske mønsteret kan då føre til at frasen eller klangkombinasjonane ikkje berre ”lirast” på ein umedvite måte, utan at Henrik aktivt lyttar til det han speler, men blir i større grad merksam på sine eigne fraser og valg.

Variasjons-øvingane gjer at han både kreativt og motorisk genererer fleire potensielle valgfor seinare improvisasjonar, fordi han får gått opp ulike ”stiar” med det same materialet. Ein øver samstundes på kreativ disiplin, ved å undersøke ulike kreative moglegheiter med eit isolert og avgrensa materiale.

I staden for å sensurere og kritisere seg sjølv, tar ein i staden bruk vanene som eit materiale ein kan vidareutvikle.

Å kultivere eigne vaner

Eit anna aspekt med denne øvinga dreier seg om korleis ein som skapande musikar tar fatt i eigne manglar – som det å repetere bestemte element på ein umedvite måte kan seiast å vere. For ein improvisator oppstår ofte følgande dilemma: Ein vil gjerne kultivere spelet sitt, men dersom den indre, kritiske stemma som fortel deg om manglane dine blir for sterk, kan det vere veldig øydeleggande for initiativ i improvisasjonsprosessen.

Øvinga Henrik og Eyolf demonstrerte har angrip problemet med automatiserte vanar på ein konstruktiv måte, som gjer at ein kan unngå dette dilemmaet. I staden for å sensurere og kritisere seg sjølv, tar ein i staden bruk vanene som eit materiale ein kan vidareutvikle. Som Eyolf seier: ”[Då] har du allereie kome lenger med det elementet, no har du lært noko nytt om det.

Sist oppdatert: 24. juni 2016

Eyolf Dale

Eyolf Dale er lærar i jazzpiano ved NMH og har delteke i CEMPE-prosjektet Øving på tvers av sjangrar i skoleåret 2015/16

imported-image

Eyolf Dale

Førsteamanuensis

Jazz-piano