Øving på tvers av sjangrar

Føremålet for prosjektet Øving på tvers av sjangrar er å dele øvetilnærmingar og –metodar på tvers av sjangrar og fagområdar, for saman å utforske og utvikle nye slike tilnærmingar eller metodar. 

Arbeidet i inneverande semester har primært gått ut på å nettopp dele øvingsmetodar med kvarandre innad i gruppa, som første steg for å få innblikk i deltakarane sine ulike øvingspraksisar.

Lærarar underviser lærarar

Prosjektet har våresemesteret 2015 engasjert 5 lærarar ved NMH, alle frå ulike sjangrar og fagområder. Vi har hatt interne workshops, der kvar lærar har undervist dei andre.

Foto: Kimm Saatvedt
  • Hans-Kristian Kjos Sørensen ((klassisk) slagverk, samtidsmusikk) underviste praktisk i si tilnærming til innstudering av verk.
  • Eyolf Dale (jazzpiano/brukspiano) demonstrerte ulike tilnærmingar til å øve på improvisasjon.
  • Joachim Kwetzinsky (klassisk piano/akkompagnement) underviser som akkompagnatør for særskild songarar, og viste kva for ulike problemstillingar som kan oppstå i høve til kammermusisering og forholdet til eit partitur, der dei ulike stemmene har ulike roller.
  • Steinar Ofsdal (div. fløyter, kontrabass/folkemusikk) underviste i sin seljefløytemetodikk: ”korleis lære å beherske seljefløyta på 15 minutt”.
  • Sigmund Thorp (direksjon) underviste praktisk i rørsleimprovisasjon, der vi gjorde øvingar for kommunikasjon gjennom rørsle.

Fokus var på prosessen, ikkje kor ”godt” ein lærte seg stykkjet.

Å lære musikk «på øyret»

 

Guro Gravem Johansen
Guro Gravem Johansen.

Etter at alle workshopane med lærarane var gjennomført, fekk lærarane ei øveoppgåve av prosjektleiar Guro Gravem Johansen: å lære eit innspelt stykkje musikk etter gehør, ”på øyret”. Det kunne ikkje vere ei innspeling der musikarane spelte same instrument, eller vere innan ein sjanger den respektive læraren vanlegvis arbeider innanfor. Fokus var på prosessen, ikkje kor ”godt” ein lærte seg stykkjet.

Oppgåva var ny for nokre av dei, men avstadkom svært interessante refleksjonar i høve til lytting som læringstilgong. Ho førte også til diskusjonar som ofte opptek instrumentallærarar, nemleg om det er konstruktivt å lære av ein auditiv modell – kan det hindre det personlege uttrykket om ein imiterar ein annan sitt personleg uttrykk?

Som venta har ulike sjangertradisjonar ulike normar og oppfatningar knytt til dette spørsmålet. Innan folkemusikk der imitasjon er hovudtilgongen til innstudering og læring av både stykkjer og stil, er problemstillinga gjennomdebattert. Til ei viss grad gjeld det same innan jazz, sjølv om oppfatningane her er meir divergerande. Skal ein imitere, må ein omsette det lærte til eigen improvisasjon umiddelbart. Innanfor klassisk musikk kan ein kanskje vere mindre redd for imitasjon enn ein ofte er i dag.

Kan det hindre det personlege uttrykket om ein imiterar ein annan sitt personleg uttrykk?

Foto: NMH
Foto: Kimm Saatvedt
 

Workshop for studentar

Semesteret blei avslutta med ein workshop med lærarane for studentar. Studentane besto av ein jazzsongar, to klassiske slagverkstudentar, ein klassisk pianist, to direksjonsstudentar og ein folkemusikkstudent.

Kvar lærar demonstrerte og prøvde ut ein kortversjon av dei temaa dei hadde presentert internt i lærargruppa tidlegare. Det varierte kor aktiv studentane var, avhengig av om opplegget var praktisk og erfaringsretta, eller det var orientert rundt demonstrasjon og filosofering.

Tilbakemeldingane frå studentane var at dei syntes alle presentasjonane baud på interessante og lærerike aspekt, og at dei svært gjerne kunne ønske seg ein slik ope workshop på jamn basis.

Sist oppdatert: 8. juni 2015