Samspel i møte mellom sjangrar

Kva krev verksemd med sjanger-crossover av musikarane som er involverte? Kor inngåande forståing for kvarandre sine sjangrar treng dei å ha? Og kven skal ”gi seg”?

Nærbilde av hardingfele
Foto: NMH

I Noreg og Sverige har vi lange tradisjonar for å til dømes blande folkemusikk med jazz eller rock. I Noreg er det også mange dømer på folkemusikarar innanfor norsk tradisjon som samarbeider og blandar uttrykk med folkemusikk frå andre verdsdelar. Ein kritikk mot spesielt folkemusikk- og jazzmiksane har vore at uttrykket som oppstår skjer på jazzsjangerens premiss, der rytmiske og tonale nyansar i folkemusikken må ”gi etter” for bombastiske groovar og temperert tonespråk hos jazzmusikarane.

Felespelar Anne Hytta uttalte ein gong, basert på ei oppleving der ein dirigent ikkje greide å oppfatte hennar tramping av takta, at musikk ikkje er eit ”universelt språk” – stikk i strid med den klisjéen vi ofte brukar.

Identitet og kompromiss

Unni Løvlid er folkesongar og underviser i folkesong på Norges Musikkhøgskole. Ho fortel at som utøvar hamnar ho ofte i musikalske konstellasjonar med musikarar, dirigentar eller komponistar med ein annan sjangerbakgrunn enn ho sjølve, og at slike samarbeid utfordrar hennar estetikk. På den eine sida forventast det at ho skal legge sin identitet som folkemusikar inn i det ferdige resultatet, medan den musikalske ramma på den andre sida krev at ho må gjere kompromiss med sin sjangerbestemte eigenart. Slike problemstillingar er ofte veldig konkrete:

- Enkelte gonger får eg detaljerte notar, andre gongar berre ei skisse. Eg ønsker å behalde meg sjølv og likevel kunne tilpasse meg det verket som er komponert. Eit døme er viss ein jobbar med tretakt, men så er mi kjensle for korleis den tretakta er, kor 1'aren kjem frå ei takt til neste, ulik. Då må eg ofte kompromisse med mi tretaktskjensle.

"Musikk er  ikkje  eit ”universelt språk” – stikk i strid med den klisjéen vi ofte brukar."

Øving på tvers av sjangrar

På ein workshop med lærarar og studentar i CEMPE-prosjektet Øving på tvers av sjangrar har ho med seg folkesong-studenten sin, Malin. Unni vil at dei skal jobbe med problemstillinga korleis ein som folkesongar kan forholde seg til samspel med andre musikarar i ein sjanger-crossover. Malin sine medmusikantar på denne økta er Henrik, jazzstudent på trommer, Eyolf, lærar i jazzpiano, og Bjarne, lærar i klassisk fiolin.

Malin finn ei folkevise med fleire vers som ho har på repertoaret, og som dei andre ikkje har høyrt før. Unni føreslår at dei prøver å utforme ulike versjonar av visa, med heilt spesifikt ulike fokus kvar gong. Første gong skal musikarane medvite vere Malin sine kompmusikarar, og innrette seg etter henne. Andre gong skal dei medvite gå inn for å ”spele seg sjølve”, ut frå sin eigen estetikk, i møte med melodien til Malin.

Malin syng første vers åleine, og Henrik, Eyolf og Bjarne begynner å spele med frå andre vers. Under 3. vers begynner Henrik å spele eit vispekomp i time (med ein fast puls), og Bjarne lagar med figureringar på fiolinen oppå grooven til Henrik. Malin syng i fritt tempo, og Eyolf følger Malin. Når 3. vers er ferdig begynner Eyolf å spele antydande på Henrik sin groove. Bjarne varierer meir tonalt og rytmisk. Eyolf tar ein liten solo, og Henrik lar vispekompet døy ut til slutt.

"Signaturen her var kanskje at tonaliteten ikkje var så farleg, det var befriande når vi kræsja."

Unni: Kva tenkte de no?

Henrik: Det eg høyrte for meg først, var ein fri… dronegreie. Men så hadde du [Unni] jo snakka om time, så eg prøvde å dra det i ei sånn retning, derfor sette eg ein puls.

Bjarne: Eg tenkte mest på overtonar, fordi vi [klassiske fiolinistar] er så vande til å spele så temperert vi greier heile tida.

Unni: Korleis følte du det, Malin, i høve til rytmisk fridom, følte du deg redusert eller at du hadde plass nok?

Malin: Eg følte meg ikkje redusert, men eg kan ofte gjere det i sånne samanhengar.

Unni: Eg merka at du begynte å lytte meir på 2. verset. Påverka det deg med samspelet?

Malin: Ja, når det let fint vil ein jo prøve å vere i dét, utvikle det.

Eyolf: Ein lytter jo ofte etter om musikken har ein tydeleg signatur. For meg er det ofte tonalitet eller skalaer. Signaturen her var kanskje at tonaliteten ikkje var så farleg, det var befriande når vi kræsja. Vi blei alle også veldig tatt av når du song åleine, det var ei mjukheit der, som var ein signatur frå starten. Det er viktig å passe på at Malin er premissleverandør.

Drama

Unni Løvlid
Unni Løvlid ledet workshop med sjanger-crossover.

Unni plukkar opp det Eyolf sa om mjukheita i Malin sitt uttrykk. Ho seier at når ein melodi blir framført reint vokalt, har uttrykket ein tendens til å bli veldig sart og «vakkert», medan ei fele kanskje ville tilført meir høg intensitet. Ho peiker på at teksten i visa eigentleg er veldig lidenskapeleg, og ber dei prøve ein versjon som er meir høgintensiv, der  Malin skal forsøke å ta ut meir dynamikk, og ta meir plass.

 

Dei speler ein ny og annleis versjon. Det kjem fleire element frå Eyolf og Bjarne som bidreg til å løyse opp tonaliteten i den musikalske ramma rundt visemelodien. Unni spør Malin korleis ho opplevde det.

Malin: Meir spennande, det var som om det var rom for at fleire ting kunne skje. I stad var det meir sånn som det alltid er.

Bjarne: Fordi du starta å synge ½ tone lågare enn første gong, oppdaga eg at eg ikkje kunne spele dei tinga eg hadde planlagt, og dermed måtte eg jobbe meir med idéane mine. Det var bra.

Guro kommenterer at når éin musikar bryt ut med ein tonalitet som først verkar veldig dissonerande opplevast det gjerne som eit sterkt verkemiddel i starten, men samstundes skapar det eit rom for andre til å ”kome etter” med det same. Då blir kanskje den eine, dissonante tonen normalisert. Det same kan skje dersom nokon startar på ein groove som opplevast ”på tvers” av ein etablert rytme. Det er viktig å av og til ta rolla som den som innfører eit element som bryt med det som er.

Eyolf opplever at denne versjonen skapte meir ”drama”, fordi det kom fleire slike kontrasterande idéar: - Det er jo også viktig å hugse på at ikkje alle historiar går «bra» til slutt, den type «drama» har også ein plass.

Utvida uttrykksrom

Vanlegvis er tekst i fokus for folkesongarar, seier Unni, men på grunn av samspelet får det reint musikalske meir fokus, så det skjer ei parameterforskuving, der songaren blir tvunge til å bli medviten om og forholde seg til fleire parametre.

For ein folkesongar er det ei ofte ei problemstilling korleis ein skal greie å behalde mikrotonaliteten i sitt uttrykk innanfor eit ofte temperert samspel. Er det mogleg for éin musikar å arbeide med mikrotonalitet som eit parameter innanfor det tempererte dei andre representerer, og kor langt kan ein eventuelt dra ulik intonasjon innad i ensemblet?

Både Bjarne og Eyolf tok som vi såg også fatt i parameteret tonalitet, der Bjarne forsøkte å utfordre sin eigen hang til å spele temperert, og Eyolf opplevde at det tonale av og til kræsja, noko han opplevde som befriande.  Kanskje viser erfaringa frå denne workshopen at dess meir den enkelte musikaren forstår av det dei andre forsøker på, dess større blir det individuelle uttrykksrommet?

Sist oppdatert: 1. august 2016