Ope workshop i improvisasjon med Una McGlone

Torsdag 8. februar kl. 15-17 er det ope workshop i improvisasjon med kontrabassist Una McGlone fra Glasgow. Ta med instrument!

  • Torsdag 8. februar 2018
  • 15.00
  • Norges musikkhøgskole, rom U1021

Omtale

Una er eit sentralt medlem i Glasgow Improvisers´ Orchestra, som musikar, komponist og i leiinga. Ho er som profesjonell musikar aktiv på improvisasjonsscenen i Glasgow, og har medverka på ei lang rekke plateinnspelingar, med til dømes Raymond MacDonald, George Burt, Evan Parker, Maggie Nichols, Phil Minton, m.fl.  Una underviser i improvisasjon på master utøving ved Royal Conservatoire of Scotland (Glasgow). Una er i desse dagar også i ferd med å avslutte doktoravhandlinga si (ved universitetet i Edinburgh) om eit impro-prosjekt for førskolebarn. 

Workshopen er ope, så du må gjerne invitere med deg medstudentar eller kolleger!