CEMPE_Friberg_7_oppdatert.jpg

På tvers: Ein heilt ny workshopserie frå CEMPE

Ein ny workshopserie frå CEMPE
Først ut er Utforskande øving med Guro Gravem Johansen

Når vi øver kan vi møte på problemstillingar som vi ikkje heilt kan avgrense eller vite på førehand korleis vi skal ta tak i.
Kanskje ønsker vi å utfordre eigen spontane kreativitet i øvinga, og sjå kor ei leikande tilnærming til spel eller song kan føre.

Utforskande øving er å ta i bruk improvisasjon og ikkje definere alle resultata på førehand.
På den måten kan vi oppdage nye tekniske områder, utforske kva for moglegheiter som bor i eit musikalsk materiale, eller arbeide med kjensler og mental mestring av utøving og formidling. 

Program

3.mars Guro Gravem Johansen: Utforskande øving

31.mars Ingfrid Breie Nyhus og Live Maria Roggen: «Unromantic»

21.april Jos Heutmekers: Interactive graphic scores

5.mai Knut Buen: TBA

12.mai Tanja Orning: TBA

Omtale

Om På tvers

Alle utøvande musikkpraksisar rommar eit mangfald av musikalske tilnærmingar, og alle forholder seg til temaer som lytting, interaksjon, responsivitet, tolking, tradering, improvisasjon, fellesskap, eigarskap, identitet, og ulike måtar å tilegne seg og ta i bruk kunnskap på.
Når vi deler erfaringar, innsikter og ulike innfallsvinklar til å øve, utøve og formidle musikk på tvers av fagområder, skaper vi eit stort potensiale for læring og inspirasjon. 

CEMPE-prosjektet «På tvers» består av fem treff i løpet av vårsemesteret 2020. Dei er opne for studentar og lærarar, med «dialog-jam» og musisering.
Kvart treff har eit avgrensa tema med ein eller fleire innleiarar.

Treffa føregår på tirsdagar kl 1800-2000 på rom U1010, med gratis kaffe, te og vafler.
Ta med instrument! 
 

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening