Bokmelding: I transitt

Tittelen på boka får meg til å tru at eg skal lese ei bok om musikk og barnevern, men eg forstår fort at dette også er ei bok om musikk og vern av barn.

Forordet er skreve av Trond-Viggo Torgersen, med overskrifta «Små barn er også store mennesker» – ein verdi som er tydeleg gjennom heile boka. Boka består av 13 kapittel, skreve av forfattarar med bakgrunn i musikkterapi, psykologi, musikkpedagogikk, barnevern, teaterverksemd, vitskapsteori og forsking, der ein fellesnemnar er interessa for barn, barndom og oppvekst. Både teoretiske, praktiske og systemiske tema er inkludert.

Dei fire første teoretiske kapitla diskuterer omgrepa «deltaking», «medverknad», «møteplassar» og «livslang læring». «Deltaking» er eit vidt omgrep, og i første kapittel presenterer Stensæth og Jenssen begrepet i forhold til helse, forsking, politisk teori og filosofi, samt deltaking som dialog (Bakhtin) og ulike former for musikkdeltaking. Forfattarane konkluderer med at om musikkdeltaking skal ha ein eksistensiell verdi og samfunnsmessig potensial, må dialog vere eit nøkkelelement. I kapittel 2, skriv Elisabeth Backe- Hanssen om deltaking og medverknad. Kapitlet beskriv ulike typar medverknad for barn og unge, og kjem med forslag om medverknad i musikkverksemd. Korleis vil eg delta? Kva for musikk er meiningsfull for meg? Temaet blir vidare diskutert i kapittel 3, der Jan Storø skriv om møteplassar for deltaking, eigenutvikling og musikk i ettervernsfasen. Han argumenterer for at segregerte tiltak kan bidra til inklusjon, via utvikling av sosial kapital. Viggo Krüger beskriv i kapittel 4 korleis musikkdeltaking (som ei form for uformell læring) kan støtte formell læring i skulen og ungdommars behov for livslange læringsprosessar. Kapitlet er inne på nokre av dei same tematikkane som Storø sitt, vedkomande samanhengar mellom uformell og formell læring, og korleis musikkdeltaking kan gje moglegheit til å utvikle sosial kompetanse som igjen kan brukast andre stadar i livet.

Praksis-kapitla er henta frå kontekstane barnevern, barnehage, fosterheim, flyktningar og rusførebygging- og behandling. Som eit «overgangs-kapittel» til praksis-kapitla, skriv Svein Fuglestad om faget Kreativt musikkverkstad i barnevernsutdanninga, og korleis dette kan bidra til relevant kompetanseutvikling hjå studentane. Han tek utgangspunkt i eit fokusgruppeintervju med studentar, og i relevante styringsdokument og teoriar. Kapitlet konkluderer at faget kan styrke studenten sin personlege og praktiske kompetanse.

I kapittel 5 blir tema knytt til anerkjenning og musikkterapi diskutert av Gro Trondalen. Ho skriv om ulike typar anerkjenning, og spesielt om anerkjenning i den nære foreldre-barn-relasjonen. Artikkelen viser korleis samspelserfaringar i ei mor-barn-gruppe innanfor barnevernet kan gi opplevingar av ulike former for anerkjenning. Dette blir sett i samanheng med positiv utvikling. Anna Helle-Valle tek i kapittel 6 utgangspunkt Anmeldt av Kaja Elise Enge | 54 | i eit samfunnsmusikkterapiprosjekt (som er ein del av PhD-avhandlinga hennar) i ein vanlig, norsk barnehage. Helle-Valle diskutere korleis samfunnsmusikkterapeutisk praksis kan bidra til å fremme omsorg for spesielt utsette barn i barnehagen. Både moglegheiter og utfordringar blir beskreve, og ein økologisk praksis er framheva som viktig for målgruppa, samtidig som praktiske utfordringar blir anerkjend. Ane Bergset Mandal og Liv-Jorun Bergset skriv i neste kapittel også om økologiske perspektiv, spesifikt om fosterbarn sine nettverk. Bronfenbrenner sin økologiske modell blir brukt som utgangspunkt for å diskutere musikkterapeuten i rolla som mesoagent – som ein som er med barnet i dei næraste relasjonane (mikrosystemet); og som samtidig bidreg til å bygge relasjonar mellom ulike mikrosystem, som fosterheim, biologisk familie, nabolag, skule, venegjeng og/eller arbeidsplass.

Merete Hoel Roaldsnes tek i kapittel 8 utgangspunkt i PhD-arbeidet sitt, som handlar om einslege mindreårige flyktningar si oppleving av å delta i ei musikkgruppe. Oppleving av positive emosjonar og fråvær av negative emosjonar og tankar er hovudelement. Forfattaren kjem inn på dynamikken bak den emosjonelle endringa, og argumenterer for korleis positive emosjonar kan vere ein ressurs og fungere som ein resiliensfaktor. Brit-Ågot Brøske Danielsen og Vegar Richter Storsve beskriv i kapittel 9 bruken av fleirbruksarrangement i kontekst av eit musikkprosjekt for barn i ein palestinsk flyktningleir i Libanon. Her får ein både kunnskap om korleis ein kan bruke dette, og refleksjonar rundt kva denne typen musikkdeltaking kan bidra til for barn i denne og tilsvarande livssituasjonar.

Lars Tuastad diskuterer i kapittel 10 konsertforedrag som rusførebyggande tiltak, med utgangspunkt i fokusgruppeintervju med konfirmantar som har delteke på eit konsertforedrag med Gatens Evangelium. Kombinasjonen av foredrag og musikk blir her beskreve som relevant, fordi det gir tilhøyrarane ei skjerpa oppleving av å vere tilstades. I tillegg vektlegg informantane at førstehandserfaring om temaet blir opplevd som truverdig kunnskap. Daniel Løset Kristiansen beskriv bruk av sangdeling i arbeid med rusmiddelavhengigheit. Ein får innsyn i korleis dette kan gjerast, i tillegg til ei innføring i ei økologisk forståing av rusmiddelavhengigheit og musikkterapiens relevans her. Kristiansen hevdar at sangdeling er relevant også i barnevernsfeltet.

I siste kapittel skriv Astrid Strandbu, Viggo Krüger og Morten Lorentzen om musikkteater som barnevernstiltak. Konseptet musikkteater er kortfatta, men levande beskrive. Dei syner korleis identitet, fritid og kvalifisering til vidare deltaking ” Kaja Elise Enge Tittelen på boka får meg til å tru at eg skal lese ei bok om musikk og barnevern, men eg forstår fort at dette også er ei bok om musikk og vern av barn. | 55 | heng saman, og blir «sett i sving» i arbeid med musikkteater. Kapitlet harmonerer med Krüger sitt teori-kapittel (kap. 4) om livslang læring. Ein liten, men viktig, kommentar på s. 245 peikar på at det er vanskelig å rekruttere stabile voksne til denne typen arbeid. Om dette inntrykket (fortsatt) er ein realitet, er det viktig å sette det i fokus, slik at musikkterapeuten har dei ressursane som trengs for å utføre dette arbeidet.

Alt i alt framhevar boka positive erfaringar og potensial musikken har for målgruppa, noko som er inspirerande og kan opne for å vidareutvikle musikk(terapeutisk) arbeid. Sjølv har eg fått ny og relevant kunnskap. Boka støttar i stor grad eksisterande (i hovudsak norsk) teori og forsking. Litt meir kritisk og utforskande diskusjon hadde ikkje gjort boka dårlegare, spesielt om forholdet mellom teori og praksis. Eg blir til dømes nysgjerrig på «det indre livet» – korleis musikkterapeuten i praksis handterer balansegangen mellom ressursfokus og å anerkjenne utfordringar. Er der skyggesider, og korleis blir desse handtert? Kva gjer t.d. musikkterapeuten når deltaking i musikkgruppa gjer at «Tonje» blir på gråten (s. 72)?

Omlag halvparten av kapitla i boka diskuterer korleis opplevingar og erfaringar med musikk kan bidra til vidare livsmestring på ulike måtar. Dette er viktig. Samtidig, og sidan dette er ei bok som handlar om barn si deltaking, er det viktig å være bevisst på at desse førebyggande perspektiva først og fremst er eit prosjekt vaksne er (og skal være) opptekne av. Eg er relativt sikker på at barn (i alle fall dei yngre) ikkje er så opptekne av førebygging, men meir opptekne av t.d. trivsel her-og-no. Eg håpar at dei yngre barna sine perspektiv på deltaking etter kvart også kan bli integrert i forståinga av musikkterapi, på same måte som ungdomsperspektivet har blitt dei siste åra. Eg ynskjer å takke for ei fin og viktig bok, og avslutte med Astrid Lindgren, som (før akademikarane!), skreiv om barna sine perspektiv, deltaking og medbestemming:

«Også fortalte de (politimennene) at noen snille mennesker i byen hadde ordnet det sånn at hun skulle få plass på et barnehjem.

- Jeg har allerede plass på et barnehjem, sa Pippi. -Hva er det du sier, er det allerede ordnet?, spurte den ene politimannen. -Hvor ligger barnehjemmet? -Her, sa Pippi stolt. -Jeg er et barn, og det her er mitt hjem, altså er det et barnehjem. Og her har jeg plass, masse plass».

Sist oppdatert: 13. februar 2018