Medspelarpris frå CREMAH til Torhild Kielland

Fredag 14. september mottok Torhild Kielland Medspelarprisen frå CREMAH i høve senterets 10 års-jubileum.

Medspelarprisen frå CREMAH er ein pris som skal gå til ein person som er utanfor musikkterapimiljøet og som har hatt ein særs viktig betyding for feltet. Prisen, som kan oppfattast som ein entrepenørskapspris, er også meint som ein motivator for utvikling av samspel mellom framtidige medspelarar og CREMAH.

Prisen går til Torhild Kielland for hennar enorme betyding for utviklinga av musikkterapi i rus- og psykisk helsefeltet. Kielland tok kontakt med CREMAH frå starten av, i 2008. Via Kompetansenettverket for Rus, KoRus-Øst, i 2010, tok ho initiativ til oppstart av nasjonalt kompetansenettverk for musikkterapi i rusfeltet. Dette nettverket har hatt som mål å fremje musikkterapi som kunnskapsbasert og recovery-orientert praksis.

Kielland har også initiert og følgt opp den første musikkterapipraksis på sjukehus/akutt avrusing ved Ahus med den gongens masterstudent Monika Overå. Overå blei i august, 2018, tilsett som ph.d.-student på Norges musikkhøgskole. ”Hekta på musikk” er tittelen på CREMAH-publikasjonen om brukarerfaringar frå praksisen i dette prosjektet. Fortellingane viser at deltakinga i musikkterapi kunne føre til avkobling fra vanskelege tankar og situasjonar. Samtidig kunne pasienten få meistringsopplevingar som påverka motivasjonen hans for å stå i behandlinga. Boka ”Hekta på musikk” er nemnd i Nasjonal retningsline for avrusning og vanedannende legemidlar.

Kielland har vore sentral for igangsettinga av fleire pilotprosjekt mellom KoRus-Oslo og KoRus-Øst saman med CREMAH og musikkterapiutdanninga på Musikkhøgskolen, bl.a ved Tyrili Kampen i 2012. Frå 2014 blei prosjektet der drifta videre på tilskotssmidlar frå Helsedirektoratet, og blei sidan til ei 100 % prosjektstilling i 2015. Masterstudenten i dette pilotprosjektet heitte Daniel Løset Kristiansen. Han er i dag ein av tre musikkterapeutar med fulle stillingar innan rus- og psykisk helsefeltet i Fredrikstad kommune, som for øvrig nyleg oppretta Ressurssenter for musikkterapi i rus- og psykisk helsefeltet.

Kielland var også den som initierte og skreiv den første av snart fire store dokumentasjonsrapportar om musikkterapi, og ho har aktivt bidratt til å utvikle musikkterapi i rus- og psykisk helsfeltet både i Oslo og Bergen.

Relevansen av musikkterapi for behandling av personar med rusproblem, avhengigheit og/eller psykiske lidingar er styrka. I dag har vi fleire Nasjonale faglege retningsliner som anbefalar musikkterapi for pasientar med rusproblematikk. Dette er retningsliner som omfattar bl.a. behandling, rehabilitering, utredning.

Torhild Kiellands stemme har vore avgjerande i at alt dette har skjedd.

Torhild Kielland har bakgrunn som sosionom og har sjølv lang erfaring arbeidet med rusarbeid – og har også gjort arbeid for Helsedirektoratet. I dag arbeider ho som rådgjevar for Fagrådet – Rusfeltets hovedorganisasjon.

Ikkje berre er ho brennande engasjert i musikkterapi: Kielland har eit stort nettverk rundt seg som ho brukar. Ho er strategisk. Vi kjenner henne også som særs initiativrik, handlekraftig, kreativ – alltid positiv! Ho er ein som ikkje lar seg knekke. Ho ser konstant etter moglegheiter. Og: Ho følgjer alltid opp og går gjerne i bresjen og snakkar med folk.

Tusen takk frå alle musikkterapeutar over heile landet og alle brukarar av musikkterapi i rus- og psykisk helsefeltet for din fantastiske innsats for musikkterapien, Torhild Kielland - vi er deg evig takknemleg!

Sist oppdatert: 18. september 2018