Profilbilde cello ute

Musikk og folkehelse

Den store og internasjonale CREMAH-initierte publikasjonen Music and Public Health. A Nordic Perspective er no publisert.

Dette er ei samling av mange spennande artiklar med innovative perspektiv på temaet musikk og folkehelse frå heile Norden. Boka er unik i sitt slag, ho er fagfellevurdert og har engelsk som språk.

Lars Ole Bonde (CREMAH, Norges musikkhøgskole og Institut for Kommunikation og Psykologi ved Aalborg Universitet) & Töres Theorell (Karolinska Institutet, Stockholm) er redaktørar, og antologien gis ut på forlaget Springer Nature. 

Boka ble lansert som ein minikonferanse med korte presentasjonar av alle nordiske forfattarar den 14. september 2018, kl. 10-12. Denne hendinga var knytta til CREMAHs 10-årsjubileum.

Les meir om boka og alle kapitla her.
 

Sist oppdatert: 14. september 2018