hh_V7A7398 (2).jpg

Musikkfilosofisk blikk på Furtwängler

Filosof Henrik Holm har skrive avhandling om den omstridde, tyske orkesterleiaren Wilhelm Furtwängler, både som dirigent og tenkar. Sjølv om han blei nytta som eit verkty for naziregimet, lukkast han med å få fram musikkens venleik som ei kraft for det gode, meinar Holm.

Disputas

Henrik Holm forsvarar si avhandling om Wilhelm Furtwängler på Norges musikkhøgskole tysdag 26. september. Filosofen er også aktuell med boka Å tolke musikk, skrive i samarbeid med Morten Carlsen.

hh_V7A7675.jpg
Tirsdag 26. september
kl. 12.00

Heilt sidan Henrik Holm var barn har han funne mykje glede og fascinasjon i Wilhelm Furtwängler sine fortolkingar. Holms virke som slagverkar tok han med til Tyskland, for å studere ved kunstuniversitetet. Etter kvart fann han vegen inn i teologien og filosofien.

Musikken har alltid vore med han, og no også i hans akademiske virke. Det har resultert i avhandlinga «Musikkens Logos. Et hermeneutisk forsøk over Wilhelm Furtwänglers interpretasjonskunst», etter tre år som stipendiat ved Norges musikkhøgskole.

– Meir enn berre musikk

I avhandlinga tek han både føre seg døme på opptak av Furtwängler sine fortolkingar av ulike verk av Beethoven og Brahms, og orkesterleiaren og komponisten sine tekstar om interpretasjon, musikkhistorie, estetikk og meir.

– Etter kvart som eg las det Furtwängler har skrive, forstod eg at dette er mykje meir enn berre musikk. Med hans virke under nasjonalsosialismen i Tyskland, og dei opptaka som blei gjort under den tida, følte eg at når han dirigerte så kjem heile det menneskelege dramaet mellom det gode og det vonde fram, fortel Holm entusiastisk.

Nettopp på grunn av Furtwänglers virke under naziregimet i Tyskland er han ein omstridt kunstnar. Hans val om å bli igjen prega både hans liv og virke, og ikkje minst ettermælet.

Sjølv såg Furtwängler seg som ein apolitisk kunstnar. Holm synest både Furtwängler som kunstnar og som person er interessant, men også fenomenet og dei ulike, betente problemstillingane som følger er eit tiltalande tema for ein filosof.

– Det er naturleg nok ein vanskeleg historisk og estetisk problematikk å gå inn i. Men nettopp å dykke inn i dei tunge problemstillingane som følger med er noko av det mest spennande med dette prosjektet frå eit filosofisk perspektiv. Spørsmålet oppstår: Kan eg skyve unna dei historiske aspekta og gi meg hen til musikken, eller må eg heile tida ha eit kritisk medvit med meg og formidle det heile med eit distansert forhold til han?, spør han.

– Med hans virke under nasjonalsosialismen i Tyskland, og dei opptaka som blei gjort under den tida, følte eg at når han dirigerte så kjem heile det menneskelege dramaet mellom det gode og det vonde fram.

Interpretasjonskunst

Utfordringa blei å utvikle ein metode som foreina både dei historiske og kunstnarlege aspekta ved Furtwängler. I avhandlinga er der eit kapittel om Furtwängler i si samtid, medan hovudfokuset går på filosofisk analyse av tolkingane og tekstane til orkesterleiaren.

– Metodisk har eg behandla tekstane og dei musikalske fortolkingane som ei samla eining. Thomas Mann sitt omgrep «interpretasjonskunst» samanfattar det heile veldig godt. Det er ein kunst å fortolke og interpretere musikk, men det hindrar ikkje at det også er eit tankearbeid. Det tankearbeidet kjem fram gjennom Furtwänglers tekstar, og i prosessen har eg sett på det indre vekselspelet mellom teori og praksis, forklarar Holm.

Kunstens venleik som ei kraft for det gode

I Furtwänglers tekstar har Holm funne ein klassisk, tysk kunstidealisme, og utan at Furtwängler sjølv var ein filosof, ser Holm eit stort filosofisk potensiale i tekstane til orkesterleiaren. Det er dette Holm har jobba med og sett i lys av fortolkingane Furtwängler faktisk gjorde.

– Furtwängler skreiv mykje om kva det krevjar av han som menneske å fortolke musikken. I hans kunstidealistiske tankegods ligg ideen om at kunsten seier noko til oss som berre kunsten kan seie, og at den held på sin venleik til trass for til dømes dei føresetnadane som låg til grunn under andre verdskrig.

– Den venleiken dreg oss mot det gode, meinte Furtwängler. Det er nettopp dette som gjorde at han valde å bli igjen i Tyskland på den tida, fortel Holm.

Wilhelm Furtwängler (1886-1954) var sjefdirigent for Berlinerfilharmonien i to periodar, frå 1922 til 1945 og frå 1952 til 1954.

Kreativitet og intuisjon i filosofien

For å formidle alt dette i si avhandling har Holm henta språklege impulsar frå ei rekkje sentrale, tyske filosofar.

– Med hjelp frå filosofar som Schelling, Heidegger og Wittgenstein har eg streva etter å utvikle eit metaforisk språk for å skildre Furtwänglers interpretasjonskunst. Det kan vere alt frå til dels dramatiske, eksistensialistiske omgrep til metaforiske landskapsskildringar, forklarar han.

Holm ser ei framtid for seg sjølv som musikkfilosof og meinar at der er ein tett samanheng mellom musikken og filosofien, og at desse rørslene har mykje å gi kvarandre.

– Å samle alle dei ulike impulsane som kjem frå både historia, musikken, filosofien og meg sjølv til eit heilskapleg inntrykk har vore noko av det mest spennande med dette prosjektet. Som lyttar og filosof må ein ta i bruk kreative, intuitive evner for å attskape og skildre Furtwänglers univers.

I likskap med kunsten ser han soleis også filosofien som eit intuitivt og skapande virke, og vonar at musikarar og musikkstudentar vil finne avhandlinga relevant for sitt virke.

Von og venleik

På same tid har Holm funne viktige bidrag til den filosofiske refleksjonen i dei musikalske døma han har tatt føre seg. Gjennom å lytte til musikken og fortolkingane til Furtwängler høyrer ein også mykje av tragedien og spenninga som pregar menneskeleg eksistens på det mest ekstreme, meinar Holm.

– For Furtwängler er tanken om at kunsten integrerer all negativitet og transformerer den til et vakkert uttrykk svært viktig. I hans fortolkingar av Brahms finner eg også sterke glimt av von, fortel han.

I Beethoven ser han eit meir storslått, idealistisk aspekt.

– Der står venleiken og kunsten, for Furtwängler, som ei uangripeleg stjerne, som vil halde seg slik uavhengig av kva vi måtte finne på og gjere mot kvarandre. Som tek den menneskelege, tragiske skjebnen innover seg, men forvandlar den til eit uttrykk for absolutt venleik. Med andre ord: Heile den ekstreme breidda i menneskets eksistens omfattast i følge Furtwängler av musikkens metafysiske djupne, slår musikkfilosofen fast.

Sist oppdatert: 19. september 2017

Disputas

Henrik Holm forsvarar si avhandling om Wilhelm Furtwängler på Norges musikkhøgskole tysdag 26. september. Filosofen er også aktuell med boka Å tolke musikk, skrive i samarbeid med Morten Carlsen.

hh_V7A7675.jpg
Tirsdag 26. september
kl. 12.00