Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Å øve på improvisasjon

Guro Gravem Johansen sitt ph.d.-prosjekt omhandlar øvepraksisar hos jazzstudentar innan høgre utdanning i eit aktivitetsteoretisk perspektiv. Prosjektet har særleg fokus på utvikling av improvisasjonskompetanse.

Utvikling av improvisasjonskompetanse

Hovudproblemstillinga for prosjektet formulerast slik:
Kva kjenneteiknar øvepraksisar hos jazzstudentar som arbeider med å utvikle sin improvisasjonskompetanse?

Prosjektet er ein eksplorerande studie, og tek utgongspunkt i korleis studentar sjølve konstruerar meining i høve til verdiar, normar, haldningar til utøving og øving av improvisasjon, sett i lys av jazz som historisk og kulturell tradisjon.

Føremål

Dette ph.d.-prosjektet har som føremål å:

  • bidrage til å synleggjere og diskutere øvepraksisar innanfor jazz og improvisasjonsbasert musikk,
  • utdjupe forståinga av korleis improvisasjonskompetanse utviklast gjennom øving,
  • bidrage til auka kunnskap om undervisning og læring innanfor jazz og improvisert musikk generelt, og slik bidrage til forskningsbasert utvikling av jazzutdanning.
  • Bidrage til å utdjupe og utfordre omgrepet øving i ein generell musikkpedagogisk kontekst

Avhandlinga er publisert i fulltekst i Brage.

Artikler relevante