Å utvide rommet for improvisasjon i musikkpedagogikk. Ei tverrfagleg tilnærming.

I dette bokprosjektet vil ei lang rekkje forfattarar problematisere og undersøke ulike sider ved improvisasjonspedagogikken. 

Prosjektet, der Guro Gravem Johansen er hovudredaktør, er ei bok med 22 bidragsytarar frå Noreg, Sverige, Skottland, Finland, Portugal, Canada, USA og Australia. Tittelen er Expanding the space for improvisation in music pedagogy. A transdisciplinary approach, og boka blir publisert hos det engelske forlaget Routledge.

Boka er ein kritisk og forskningsbasert antologi om improvisasjon i musikkpedagogikk, og består av kapitlar frå både teoretisk og empirisk forskning, så vel som kortare, praksisbaserte «interludes». Forfattarane kjem frå eit breitt spekter av disiplinar, som musikkpedagogikk, musikkpsykologi, musikkvitskap, etnomusikologi, kunstnarleg forskning og community music.

Det overordna målet for boka er å løfte improvisasjonspedagogikk forbi presentasjonar av isolerte, vellykka praksisar og kva som «funker», gjennom å problematisere pedagogikken og legitimeringa av den. Dei ulike kapitla undersøker kulturelle verdiar, undervisningsmål og -metodar ved å stille spørsmål som: Kven definerer kunstnarlege forventingar i improvisasjonsaktivitetar, kven er portvoktarane? Kven har det kreative agentskapet, læraren eller elevane? Kven eig retten til å undervise i improvisasjon? Kva for faglege, etiske standardar har lærarane?

Kapitla dekker ulike kontekstar frå småbarnspedagogikk og barnehage, musikk i grunnskolen, instrumentalopplæring blant ungdomar, improvisasjon i konservatorieutdanning for ulike sjangrar, til utøvande praksisar, der improvisasjon nyttast i skjeringspunktet mellom ulike kunstformer.

Forfattarar

  1. Brit Ågot Brøske (Noreg)
  2. Patricia Shehan Campbell (USA)
  3. Sergio Andres Castrillon (Finland/Colombia)
  4. Will J. Coppola (USA)
  5. Joao Costa (Portugal)
  6. Andrea Creech (Canada)
  7. Claire Docherty (Skottland)
  8. Tapani Heikinheimo (Finland)
  9. Kari Holdhus (Noreg)
  10. Guro Gravem Johansen (Noreg)
  11. Christina Larsson (Sverige)
  12. Geir Lysne (Noreg)
  13. Mike J. KohField, (USA)
  14. Raymond MacDonald (Skottland)
  15. Una MacGlone (Skottland)
  16. Chris Mena, (USA)
  17. Rune Rebne (Noreg)
  18. Solmaz Shakerifard, (USA)
  19. Jon Helge Sætre (Noreg)
  20. Adam Tinkle (USA)
  21. Maria Wassrin, (Sverige)
  22. Sara Wilén, (Sverige)
  23. Graeme Wilson (Skottland)

Prosjektleder

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening



Sist oppdatert: 17. august 2017