Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Njål Ølnes: Frå små teikn til store former

En saksofonist, en el-gitarist og en vokalist spiller sammen på en scene.

Korleis bruker fritt improviserande musikarar øyrene? Kva er det dei plukkar opp når dei anar kva medspelaren kjem til å gjera?

Fagområde: Oppføringspraksis

Samandrag

Det er ei forventning at improviserande musikarar skal kunne skape nye og ukjende rom – saman.

Ulik andre typar av handverk som er kjenneteikna av 'taus kunnskap', har Njål Ølnes som utgangspunkt at improvisert musikk også må innehalde moglegheiter for det som ikkje før har vore spelt.

I studien tek Ølnes føre seg fri-improvisert samspel i eit etablert band, den norske jazzkvartetten BMX. Ølnes er sjølv er saksofonist i BMX. Det empiriske materialet er opptak av levande spelt musikk med dette bandet. Gjennom ulike metodar, som auditiv sonologi (analysar av musikk-som-høyrt) og stimulated recall (dei medverkande musikarane vert bede om å sjå, lytte og kommentere på lyd- og videoopptak frå spelesituasjonen) har Ølnes undersøkt samanhengen mellom dei små teikna som vert gitt undervegs og dei følgjene dette får for formdanninga i musikken.

Auditiv sonologi er utvikla gjennom 35 år ved Norges musikkhøgskole av Lasse Thoresen med kollegaer.

I sin studie har Ølnes valt å sjå på det improviserte samspelet som eit klangleg fenomen. Gjennom metodar frå auditiv sonologi, som sjiktanalyse, dynamisk formanalyse og transformasjonsanalyse, syner studien korleis dei formdannande prosessane skjer i nært samband med klangbruk og spelemåtar. Med desse analysane syner Ølnes nokre nye perspektiv på musikarane sine ulike rollar i det improviserte samspelet. Studien set lys på korleis fri-improvisasjon står i spennet mellom spontanitet og medviten strategi.

Problemstilling

Ølnes formulerte følgjande overordna problemstilling:

"Korleis oppstår musikalsk form, og korleis vert musikalske intensjonar kommunisert mellom musikarane i eit band som lagar musikk i sanntid?"

Det fri-improviserte samspelet gir utfordringar som eit meir idiomatisk, sjangerbunde eller planlagt improvisasjonssamspel slepp unna. I det fri-improviserte samspelet har ein i utgangspunktet ikkje nokre avtalar om struktur, rekkjefølgje, arbeidsoppgåver/posisjonar - eller korleis ein saman skal forme musikken.

Problemstillinga har leda til desse underspørsmåla: Korleis kan musikalske gestar få fram strukturelle element, gestaltar, i musikken? Om desse gestaltane opptrer lovmessig, vil då samspelet ta form i den augneblinken medspelarane får ei aning om ein gestalt som skal fullførast? Vil musikarane i så fall ta ulike rollar i prosessen med å vidareføre eller fullføre denne tidsgestalten?

Resultat

Studien viser at det i samspelet heile tida skjer forhandlingar om posisjonar og om form, frå det openberre til det heilt subtile. Dette skjer i sanntid, slik at dei vala ein tek, skjer spontant. Men korleis får ein kommunisert til kvarandre undervegs kva ein vil? Korleis kan ein oppfatte dei andre sine intensjonar undervegs? Korleis verte einige undervegs om kva retning musikken skal ta?

Det fins tydelege, koordinerande teikn, til dømes visuelle gestar som å løfte hovudet eller ein arm. Det fins mindre tydelege teikn, til dømes pust eller svakt gyngande kroppsrørsle. Og det fins spor av rørsler i sjølve musikken, referansar til klangar og felles kodefortrulegheit, som små hint i musikken som peikar framover.

Ølnes har valt å kalle desse små hinta for ‘gestar’, etter G. H. Mead sin definisjon. Mead gjer det med sine ‘gestar’ mogleg å forstå dialog som "føregripande, kreativ komplementaritet".

Ølnes sitt hovudmål med studien er å auke bevisstgjeringa kring dei prosessane som skjer i improvisert jazzsamspel. Det er også ei målsetjing at studien skal bidra til eit auka tilfang i språket rundt jazzsamspel, og vera med på å opne samtalen mot andre sjangrar.

Ph.d.-avhandlinga

Fullstendig tittel: Frå små teikn til store former: Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi.

Avhandlinga er tilgjengeleg som interaktiv pdf og som e-bok (les meir på lenka over).

Den interaktive PDF-en inneheld tekst, lydfiler og avspelbare audiovisuelle figurar. Den er svært stor (358 MB) og egner seg for PC eller Mac, med avspeling i Adobe Reader. Last ned PDF-en fra NMH sitt vitenarkiv Brage.

Avhandlinga er skrive på norsk.

Artikler relevante

Publisert: 17. feb. 2016 — Oppdatert: 9. apr. 2024