Improbasen, eit følgeforskingsprosjekt

I dette prosjektet vil Gravem Johansen dokumentere, analysere og evaluere undervisningsmetodikk og læringsprosessar hos lærar(ar) og elevar ved Improbasen.

Hensikten er å bidra til å gjere denne kunnskapen allment tilgjengeleg, samt å auke refleksjonen rundt læringsprosessar som dei studien undersøker, inn mot det musikkpedagogiske praksis- og forskningsfeltet.

Improbasen er eit ressurssenter og opplæringstilbod innan jazzimprovisasjon for barn og unge i alderen 8-15 som er nybegynnarar på sitt instrument. Improbasen er initiert og dreve av saksofonist og pedagog Odd André Elveland. For dette arbeidet fekk Elveland Ella-prisen i 2014, ein pris som delast ut av Oslo jazzfestival (OJF) til enkeltpersonar som har gjort ein ekstraordinær innsats for jazzen. Improbasen har fått stor merksemd i både det norske og internasjonale jazzmiljøet.

Elevane ved Improbasen viser seg ofte å utvikle avanserte ferdigheiter i jazzimprovisasjon, såvel som tekniske ferdigheiter, med ein uvanleg rask progresjon aldersnivået tatt i betraktning. Dette til tross for at Improbasen eksplistt ikkje legg vekt på å rekruttere særskilte «talent», eller barn med spesielle ferdigheiter innan musikk. Improbasen rekrutterer i stor grad jenter til å spele instrument, og det er eit uttalt føremål for Improbasen å vere ein pådrivar for å jamne ut den manglande kjønnsbalansen i jazzlivet.

 

Prosjektleder

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening



Sist oppdatert: 21. november 2014