Improvisasjon på tvers av sjangrar

Prosjektleder:
Guro Gravem Johansen

Periode:
2017 – 2018

Senter:
CEMPE

Type:
faglig og pedagogisk utviklingsarbeid

Tema:
Undervisning i øving, Øving

Prosjektet «Improvisasjon på tvers av sjangrar»  blei gjennomført innan CEMPE i skuleåret 2017/-18. Prosjektleiar var Guro Gravem Johansen. Prosjektet var ope for alle lærarar og studentar på frivillig basis, frå alle studieretningar, sjangerbakgrunnar, og fagområde.

Føremåla med prosjektet var å:
•     Å dele erfaringar i å undervise, lære og utøve improvisasjon innanfor og på tvers av sjangrar, bland studentar og lærarar, og gjennom å invitere eksterne (internasjonale) gjestelærarar
•    …for å styrke lærarar sin kompetanse og undervisningsrepertoar i tilnærmingar til improvisasjonsundervisning 
•    … for igjen å forbetre tilbodet NMH som institusjon kan gi studenter i høve til å lære å improvisere 

Prosjektet hadde eit eksplorerande siktemål, der innhald og meir spesifikke utbyttemål skulle definerast av deltakarane undervegs – anten utviklast i samråd gjennom felles diskusjon, eller definert av den enkelte presentatør på sine respektive workshops. For å ikkje føregripe prosjektet si retning eller å tre normative verdivurderingar nedover deltakarane (som var forventa å ha svært ulike utgongspunkt), var det viktig å la faglege mål vere opne.  
Prosjektet blei gjennomført dels som workshops for lærarar og studentar, og dels som møter innad i høvesvis lærar- og studentgruppene, og utanfor timeplanlagt aktivitet. Workshopane besto av praktiske øvingar leidd av ein lærar eller student kvar gong, eller eksternt engasjert gjestelærarar. 

Prosjektet hadde med ni internt tilsette lærarar frå ulike sjanger- og fagområde, og to eksterne lærarar frå Westerdahls. Det var 16 studentar som deltok i prosjektet. 

Workshopane var spreidd ut over skoleåret, og blei holdt av følgande interne og eksterne lærarar og studentar:
-    Torgrim Sollid (intern, frå Fagseksjon jazz, improvisasjon og folkemusikk)
-    Sergio Castrillon (ekstern, frå Universitetet i Helsinki)
-    Eyolf Dale (intern, frå Fagseksjon jazz, improvisasjon og folkemusikk)
-    Una MacGlone (Royal Conservatoire of Scotland, Glasgow)
-    Raymond MacDonald (University of Edinburgh)
-    Jos Heutmekers (masterstudent i jazzkomposisjon)

Evaluering av prosjektet
Dei fleste som gav tilbakemelding uttrykte at prosjektet var viktig, anten basert på opplevd utbytte, eller potensielt utbytte som kanskje ikkje er realisert enno, ved at det er ein god start på noko ein bør utvikle og jobbe vidare med. 
Av både studenter og lærarar blir den praktiske utforskings- og musiseringsformen lagt vekt på som positivt. Slik blir erfaringa noko ein lettare kan ta med seg vidare inn i eigen utøving og undervisning. Improvisert musikk har eit stort potensiale for fordomsfrie møter i musikk, og for uføresette og nye samarbeidskonstellasjonar. Det blei etterlyst større mangfald mellom deltakarane, for å få fram fleire ulike perspektiv, men også større mangfold i tilnærmingsmåtar, som det å nytte notasjon. Det etterlysast av fleire meir tid med kvar enkelt lærar/leiar for å kunne gå i djubda på tilnærmingane som prøvast ut. 
Alle som gav evaluering uttrykte at prosjektet var viktig og framoverretta, og at dei ønska at det vil halde fram. Oppmøtet var varierande. Evalueringane viser at dette skuldast fleire årsakar, men særleg det at aktiviteten ikkje var timeplanlagt, og at den skjedde på frivillig basis utan uttelling for deltakarane utover det reint faglege. Likevel fortalde intensiteten og engasjementet hos dei som var tilstades om meiningsfulle opplevingar og erfaringar. 
 


 

 

Prosjektleder

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening



Sist oppdatert: 20. desember 2018