Patrik Andersson Tidman

Fele, bratsj og hardingfele

Patrik Andersson Tidman tilhøyrer toppklassen av svenske felespelmenn og har 25 år bak seg som frilansmusikar med dansepel som spesialitet

Hans spel kjenneteiknast av ein vilje til å eksperimentere med nytt og tradisjonelt materiale. Det har resultert i ulike typer samarbeid, til dømes Threestylefusion (kombinasjon av streetdance, flamenco og folkedans) og med jazzbassisten Stefan Käck. Flere av desse produksjonane har inngått i svenska rikskonserters program. Saman med Anders Larsson og Vegar Vårdal kjem den sörmlandske og det norske repertoaret til uttrykk, og saman med dansaren og pedagogen Andreas Berchtold har han gjort mange dansekurs og workshops i både Norden og Europa.

Han jobber som leiar for Sveriges Spelmäns Riksförbund som har ca. 5800 medlemmar. Patrik underviser på kurs rundt om i Europa, og har jobba 11 år på Malungs folkhögskola som forelesar og felelærar. Han har utdanning frå Malungs folkhögskola, Ingesunds folkhögskola, Kungliga musikhögskolan i Stockholm og Norges musikkhøgskole.
 

Sist oppdatert: 6. mai 2019