Therese Birkelund Ulvo

Komponist

Therese Ulvo har studert komposisjonved Norges musikkhøgskole og Guildhall School of Music and Drama i London. Ho vert beskrive som ein utøvarkomponist: Ho skriv ikkje eit stykke for sopran, men for ein heilt bestemt sopran med eit bestemt uttrykk. Ho arbeider med mennesket, istaden for eit instrument, i tett prosess med utøvarane ho skriv for. Musikken er inspirert av andre kunstfelt, som film, tekst og lydkunst. Ho har eit nært forhold til norsk tradisjonsmusikk, der man kan finne både det mikrotonale, det rapsodiske og opne former. Musikken hennar vert mykje framført, i inn- og utland. Ulvo har vore involvert i Hardanger musikkfest i ulike roller sidan 1999, og overtok i 2014 den kunstnariske leiinga saman med Tora Augestad. Ulvo er også festivalsjef for Nordic Music Days i Bodø i 2019.

I tillegg til sitt virke som komponist er ho aktiv i mange verv og roller i kulturlivet, mellom anna som plateprodusent. Ulvo var Rikskonsertenes intro-komponist 2011-2013. I 2015 mottok Ulvo De unges lindemanpris, utvald av komponist Cecilie Ore. I internasjonale Rostrum for komponistar i Wrocław, Polen, i 2016, ble Therese Birkelund Ulvos verk Shadows and Shields tildelt utmerkinga Recommended Works i den generelle kategorien der elleve verk frå heile Europa vert anbefalt for radiospeling i mønstringas tretti deltakarland. I oktober 2017 vart Ulvo den fyrste av i alt seks komponister som vart utvald til å vera del av KUPP, eit utviklings- og nettverksprogram for unge, lovande komponistar. Programmet tek sikte på at verka skal nå eit større publikum, og bringe nye norske komponisttalent ut til ein internasjonalt marknad.

Sist oppdatert: 4. oktober 2018