Torodd Wigum

Dirigent og bratsjist

Torodd Wigum, fødd i Trondheim i 1970, er bratsjist og orkesterdirigent.

Han byrja å spele fiolin som 4-åring, men det var fyrst som 19-åring han bestemte seg for å satse på musikken. Då han fylte 20 år, bytte han til bratsj som hovudinstrument. Våren 1994 vann han jobb som solobratsjist i Trondheim symfoniorkester (TSO), men etter seks år, i 2000, sa han opp jobben for å satse på Trondheimsolistene, som han var med på å starte, og der han óg var solobratsjist.

Hans fyrste profesjonelle dirigentoppdrag var med Forsvarets Musikkorps Nord-Norge, hausten 1999. I 2006 fekk han stillinga som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester (BFO). Dette vart på mange måtar hans dirigentutdanning, då han ikkje har formell utdanning som dirigent. Han har jobba mykje i heimbyen Trondheim, både med TSO, Luftforsvarets Musikkorps, Trondheim Sinfonietta o.a. Han gjester jamnleg alle dei andre norske symfoniorkestra, i tillegg til at han har vore gjestedirigent i alle dei nordiske landa, samt Tyskland, Estland, Latvia og Moldova.

I 2018 står Operaen i Kristiansund (Carmen), Trondheim Symfoniorkester og Forsvarets Musikkorps Nord-Norge på programmet. Deretter er han i Stjørdal med Opera Trøndelag og Kongelige Norske Marines Musikkorps i Horten, før det blir to nye produksjonar med TSO. I juni er han tilbake i Bergen med BFO, før vårsesongen avsluttast med hovudsamlinga for Norsk Ungdomssymfoniorkester (NUSO), der Torodd er kunstnerisk leiar.

Torodd seier sjølv: – Jeg har undervist veldig lite i dirigering, kun gitt noen få enkelttimer til unge studenter og hatt en assistentdirigent i NUSO. Men skulle noen av NMHs studenter ønske å oppsøke meg, av en eller annen grunn, håper og tror jeg at jeg kan ha noen råd å komme med, både om dirigering men ikke minst også om «livet som free-lance dirigent».  
Og ikke minst om #sniksymfonisering..!

 

Sist oppdatert: 26. april 2018