Torstein Lofthus

Trommeslagar

Torstein Lofthus (født 10. mars 1977) er ein norsk trommeslagar som er aktiv gjennom studioarbeid, live-konsertar og undervisning.

Han har studert ved Norges musikkhøgskole. Lofthus er kjent frå fleire band, til dømes Shining og Elephant9, og er i tillegg frilanser. Han er ein av dei mest brukte trommeslagarane i Noreg, og har jobba med blant anna Vamp, Jarle Bernhoft, Oslo Gospel Choir, Mathias Eick, Marit Larsen, Maria Mena, Kurt Nilsen... Lista er lang!

I 2010 mottok han Spellemannprisen i kategorien Jazz for albumet «Walk The Nile» med bandet Elephant9, i 2011 mottok han Spellemannprisen i kategorien «Årets innovatør» med bandet Shining, og i 2015 mottok han Gammleng-prisen i kategorien studiomusikar.

Sist oppdatert: 5. april 2018