Musikalsk modernisering : Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar

Prosjektleder:
Astrid Kvalbein

Periode:
2006 – 2013

Type:
forskning

Tema:
Komposisjon, Musikkhistorie, Samtidsmusikk

Stipendiatprosjekt
Ph.d. i oppføringspraksis

I sitt doktorgradsprosjekt har Astrid Kvalbein utforska Pauline Hall si verksemd gjennom dei to første tredjedelane av 1900-talet med ulike forståingar av modernitet og modernisme som omdreiingspunkt.

Framstillinga er strukturert rundt tre viktige roller Hall hadde i musikk- og kulturlivet:

  • ho skilte seg tidleg ut som ein fransk-inspirert komponist
  • ho falda seg ut som teatermenneske ved både å skrive scenemusikk og å regissere
  • ho var grunnleggjar og mangeårig leiar av organisasjonen Ny Musikk

Skribent og debattant

I tillegg utmerkte ho seg gjennom fleire tiår som skribent og debattant, særleg som kritikar i Dagbladet.

Kvalbein nærmar seg Hall frå tre forskarposisjonar:

  • ein biografisk
  • ein utøvande
  • ein kultursosiologisk og diskursorientert

Nytt lys over Pauline Hall

Den mangesidige musikkpersonen kjem slik fram gjennom skildringar av livet til Hall, levande tolkingar av songane hennar (lagt ved på CD) og tematiske drøftingar knytt til dei overordna spørsmåla om modernitet. Til saman kastar arbeidet nytt lys både over Hall, impulsane ho formidla frå eit større Europa til Noreg og tidene ho levde i.

Ph.d.avhandling

Avhandlinga finn du i NMH Brage:
Musikalsk modernisering : Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar

Prosjektleder

Astrid Kvalbein

Astrid Kvalbein

Tidligere ansatt (stipendiat 2006–2013)

Oppføringspraksis



Sist oppdatert: 6. januar 2017