Barn og unge med bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar er ressurssterke barn, men også sårbare og i ei risikogruppe med tanke på utvikling av psykiske helseproblem. Kan musikk vere del av eit førebyggande arbeid blant denne gruppa barn og unge?
Merete Roaldsnes har skrive ein artikkel om prosjektet sitt i CREMAH-antologi nr. 9, «I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern». Artikkelen har overskrifta «Musikk som avleiing og kjelde til positive emosjonar. Om deltaking i musikkgruppe for einslege mindreårige flyktningar».