Musikkterapi for ungdom med bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar

Prosjektleder:
Merete Hoel Roaldsnes

Periode:
2011 –

Senter:
CREMAH

Type:
forskning

Tema:
Musikkterapi

Stipendiatprosjekt
Ph.d. i musikkterapi

På kva slags måte kan ei musikkgruppe vere eit støttande tiltak for ungdom med bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar?

Denne problemstillinga blir utforska i ein casestudie kor ei musikkgruppe for ungdommar som har kome til Noreg åleine som flyktningar utgjer casen. Musikkgruppa har vore saman i ukentlege musikksamlingar gjennom ti månader under leiing av to musikkterapeutar. Gruppedeltakarane har utforska ulike typar musikk og samspelsformer, og ungdommane og musikkterapeutane har samarbeida om musikkgruppas utforming med innhald og mål.

Kvalitative forskingsintervju og deltakande observasjon er forskingsmetodar i prosjektet, og det teoretiske rammeverket er danna av fleire teoretiske perspektiv,med ressursorientert musikkterapi og samfunnsmusikkterapi, teori om kulturell kompetanse og multikulturell terapi, samt utvalde teoretiske perspektiv på omsorgstiltak for einslege flyktningbarn

Forskingsspørsmåla prosjektet vil svare på er:

  • Korleis opplever ungdommane å delta i musikkgruppa?
  • Kva har musikkgruppa bidratt positivt til for ungdommane?  
  • Kva slags utfordringar opplever ungdommane i musikkgruppa? 
  • Kva for signifikante hendingar oppstår i gruppeprosessen, og kvifor er desse signifikante?
  • Kva er musikken og dei musikalske samhandlingsformenes rolle i desse signifikante hendingane?
  • Kva slags utfordringar opplever gruppeleiarane i arbeidet med musikkgruppa?

Prosjektleder

merete.h.roaldsnes.jpg

Merete Hoel Roaldsnes

Stipendiat

Musikkterapi



Sist oppdatert: 17. juni 2014