Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Når musikkterapien vert premissleverandør

Ingeborgs ill.bilde.jpg

Om musikkterapeutisk tankegang i ein nystarta barnevernsinstitusjon.

Musikkterapi kan omtalast som både individterapi og miljøterapi. Dette aksjonsforskingsprosjektet tar for seg begge perspektiv i oppstartinga av ein barnevernsintitusjon. Det tar utgangspunkt i nokre ungdomars deltaking i musikkverkstad og spør: Kan deltakinga deira kan ha ei positiv innverknad på deira syn på dei andre ungdommane og personalet? Påverkar eventuelt deltakinga deira oppleving av å vere institusjonaliserte?

Prosjektet har også eit organisasjonsfokus og spør: Kan musikkterapien med sitt menneskesyn og sine metodar og teoriar verke inn på institusjonen som heilskap? Under datainnsamlinga deltek personalet saman med ungdommane i musikkverkstaden medan dei får rettleiing av musikkterapeut. Prosjektet kan gje viktig informasjon om musikkterapiens betyding på barneverninstitusjonar.

Artikler relevante