Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Stein Helge Solstad: Strategiar i jazzgitarimprovisasjon

Kva slags strategiar er nytta i jazzgitarimprovisasjon?

Fagområde: Oppføringspraksis

Samandrag

Kva for strategiar nyttar profesjonelle jazzgitaristar når dei improviserer?

Solstad hevder tre hovudstrategiar blir nytta: gruppering ("chunking"), skjema ("context") og malar ("templates").

Chunking er gruppering av små informasjonseiningar til større hierarkiske einingar, chunks, som fungerer som eit mentalt lager som utøvaren hentar materiale frå gjennom improvisasjon. Nettverk av chunks vert utløyste i form av eit skjema, som er ein abstrakt generell representasjon av denne kunnskapen. Lang tids erfaring fører til gjenkjenning av mønster som skaper malar – samlingar av detaljar ved ein situasjonen eller eit problem. Når utøvarar samlar detaljar i templatar, trengst mindre analyse, og improvisasjonen kan byggja på meir intuitiv kunnskap.

Metode

Ein praksisleia forskingsstrategi har vorte nytta, der spørsmål, problem og utfordringar har vorte starta og arbeidd med i feltarbeid. Målet har vore å finna ut korleis jazzgitaristar kjenner igjen, integrerer, organiserer og utviklar kunnskap i improvisasjon. Arbeidet er gjort gjennom deltakande observasjon, samspel og intervju med fem profesjonelle jazzgitaristar i New York. Feltarbeidet er fylgt opp av teoretiske og kontekstuelle studiar. Ei modal matrise for å analysera struktur, tid og form i jazzgitarimprovisasjon er utvikla. Føremålet har vore å kombinera rolla som forskar og utøvar, og i denne prosessen avdekka kunnskap som kan ha innverknad på ulike parameter i improvisert musikk generelt.

Funn

Dette forskingsprosjektet viser at profesjonelle jazzgitaristar sine strategiar er grunnleggjande avhengig av kontekst, stil og type samspel. Improvisasjon er basert på å lytte til kva som skjer i samspel og at ein har fleksible handlingar tilgjengelege som samsvarar med det som skjer i augneblinken. Ekspertise definerer korleis implisitt (ubevisst) og eksplisitt (bevisst) kunnskap er nytta; dess meir kjend situasjonen er, dess meir nyttar ein implisitt (intuitiv) kunnskap.

Funna slår saman motsetnadene skapt mellom skjemabaserte teoriar som gjer bruk av langtidsminne (top-down) og sanseorienterte teoriar (bottom-up) som nyttar sensorisk register og korttidsminne for å forklare ekspertise. I denne avhandlinga vert det slått fast at båe vert nytta avhengig av tid og stad.

Ph.d.-avhandlinga

Tittel: Strategies in jazz music improvisation

Avhandlinga er ein monografi. Den er tilgjengeleg i NMH sitt digitale vitenarkiv.

Avhandlinga er skrive på engelsk.

Artikler relevante

Publisert: 24. mai 2017 — Oppdatert: 10. apr. 2024